Tempest (1970-åra)

Tempest var ei britisk progrockgruppe[1] som var aktive frå 1972 til 1974. Kjernen i bandet var Jon Hiseman på trommer og Mark Clarke på bass. Dei gav ut to studioalbum før dei vart oppløyste.

Tempest
OpphavEngland
Aktiv1972 - 1974
Sjangerprogressiv rock

HistorieEndra

Hiseman og Clarke hadde spelt i lag i Colosseum og skipa Tempest tidleg i 1973.[2] For det første, sjølvoppkalla albumet deira (opphavleg kalla Jon Hiseman's Tempest), bestod besetninga av Allan Holdsworth på gitar og Paul Williams[3][4] på vokal og klaverinstrument.

Seinare i den korte soga til Tempest fekk dei med seg Ollie Halsall, som hadde spelt gitar i progrockbandet Patto. Med to gitaristar spelte gruppa ei rekkje konsertar frå og med ein konsert i Golders Green Hippodrome i London i juni 1973, som vart send på BBC og seinare gjeven ut som ei piratkopiplate feilaktig kalla Live in London 1974.[5] Då det andre albumet vart spelt inn, Living in Fear i 1974, var Tempest redusert til ein trio som bestod av Hiseman, Clarke og Halsall, visstnok fordi Holdsworth ikkje ønskte å spele med ein annan gitarist.[6] Bandet vart oppløyst kort tid etter.

I 2007 kom ei dobbel samleplate kalla Under the Blossom med ommastra utgåver av dei to studioalbuma, to tidlegare studioopptak som ikkje var gjevne ut før frå Living in Fear-tida og BBC-opptaka frå konserten i juni 1973 med dei to gitaristane i besetninga.

DiskografiEndra

KjelderEndra

  1. «Virtuoso Guitarist Brings Monster Group To Oakland». KTVU. 4 January 2010. Henta 7. januar 2021. 
  2. Carr, Digby Fairweather, Brian Priestley, Ian (2004). The rough guide to jazz. Rough Guides. s. 22. ISBN 978-1-84353-256-9. 
  3. http://paulwilliams-uk.com/ Paul Williams, British singer official website
  4. Paul Williams-diskografi på Discogs
  5. «Tempest- Live in london 1974». Henta 7. januar 2021. 
  6. Bennett, Graham (2005). Soft machine: out-bloody-rageous. SAF. s. 267. ISBN 978-0-946719-84-6. 

BakgrunnsstoffEndra