Livingston i Skottland

(Omdirigert frå Livingston i West Lothian)

Livingston er ein ny by i West Lothian i Skottland. Han vart grunnlagt i 1960-åra for å avlaste Glasgow, men ligg nærare Edinburgh og har hatt mest effekt der. Han er administrasjonsenter for regionen West Lothian. Kritiske røyster har skildra han som eit stort kjøpesenter som er sloppe ned oppå ein landsby.

Livingston

Sentrum i Livingston før nyutviklinga
Sentrum i Livingston før nyutviklinga
Sentrum i Livingston før nyutviklinga
Plassering
Livingston i Skottland is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region West Lothian
Grunnlagd 1965
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

55 725
Koordinatar 55°54′N 3°31′W / 55.900°N 3.517°W / 55.900; -3.517
Diverse annan informasjon
Postnummer EH53, EH54
Telefon-retningsnummer 01506
Commons har multimedium som gjeld: Livingston i Skottland

Byen var den fjerde av dei nye byane i Skottland som vart grunnlagt etter andre verdskrigen. Prosjektet starta i 1965. Den lokale industrien hadde hovudtyngda si innan teknologi, og blant anna Motorola har ein stor fabrikk der. Det er no grossistbedrifter som er dei viktigaste arbeidsgjevarane, saman med National Health Service.

Livingston er eit av dei største handleområda i Skottland, med eit stort kjøpesenter som vart grunnlagt samtidig med byen, og utvida i 1995. Eit anna stort kjøpesenter har òg kome til.

Kjelder

endre