Livsfrisen av Ingeborg Refling Hagen

(Omdirigert frå Livsfrisen)

Livsfrisen er den samla nemninga på det litteraturpedagogiske hovudverket til Ingeborg Refling Hagen. Verket inneheld fire hovudbøker, utgjevne frå 1948 til 1952, og to seinare tillegg, det siste utgjeve kring 1975. Attåt desse bøkene kan ein rekne serien Eventyr og historier fra Mostua, som høyrer til serien, men som er knytt til tida før hovudserien tek til. Til saman utgjer desse bøkene ein heilskap, og kan gjerne kallast delvis sjølvbiografisk, sjølv om forfattaren sjølv og heile miljøet kring henne er gjevne andre namn. Desse bøkene byggjer på ein barnebokserie Hagen gav ut under pseudonym i 1930-åra, og særleg første boka i serien, Vi må greie oss selv, er nært knytte til denne.

Hovudhandlinga endre

Vi må greie oss selv endre

Bøkene speglar den intellektuelle utviklinga til hovudpersonen «Ingrid Mostua» (ein litterær variant av forfattaren sjølv), i hennar oppvekstmiljø på Tangen ved Mjøsa. Då første boka byrjar er far hennar nett daud, og mora og søskena må ut å tene. Midt i det harde barnearbeidet ho opplever, greier Ingrid å tenke, og jamvel lese. Refleksjonen i denne første boka krinsar mykje om sosial urettvise og armod. Eldste bror av Ingrid, Harald, døyr av tæring, og andre bror hennar, Gudmund, lyt reise til Amerika. Ingrid sjølv reiser til Newcastle som barnepike og er der i to år. Siste luten av boka fortel korleis ho får eit år på folkehøgskole saman med den eine søstera si, Hilda.

Boka tek Ingrid frå ho er om lag 11 til ho er om lag 18 år, og reiser til Oslo for å tene pengar og for å freiste å bli forfattar.

Jeg vil lete og banke endre

Dette andre bandet er meir innoverskodande og har lite ytre handling. Boka går føre seg kring slutten av første verdskrigen og tida etter, og syner korleis Ingrid, som no bur for seg sjølv, reflekterer kring verdslitteraturen, filosofi og kunst, og korleis ho byggjer opp dei første forteljingane sine (Hagens tidlege noveller). Om lag annakvart kapittel i boka er ei novelle, og dei andre kapitla er drøftingar på vegen til forteljinga eller kring motiva i novella. Boka er skriven med tanke på ei mytopoetisk vinkling mot verdslitteraturen. Ei røys med verk er nemnde, mellom desse Divina Commedia, verk av Henrik Wergeland, Victor Hugo og Hans E. Kinck.

Den første Morgentimen endre

Denne boka har meir «ytre handling», knytt til ei reise Ingrid gjer i høve at ein gamal ven av familien, Matja, er vorten sjuk. Refleksjon og dikting følgjer med på reisa, og drøftinga held fram. Boka tek slutt med at Matja døyr, og diktet som vart skrive i høve dette avrundar boka. Undervegs vert det mellom anna refleksjonar kring Shakespeare, især Hamlet.

Jeg så det endre

Denne siste boka går føre seg kring 1930, og inneheld fleire dikt enn dei førre bøkene. Her syner Hagen vegen fram mot dei første dikta sine, knytt til emigrant-lagnadene ho møtte på denne tida, og kritikk av ein kynisk kapitalisme. Av litteratur som er drøfta i boka kan ein nemne Henrik Ibsen, især Byggmester Solness. Boka vert avrunda med diktet «Jeg vil hem att», som vart utgjeve i 1933.

Spekulanten og Min venn jeg drømte det jo bare endre

Desse bøkene rundar av Livsfrisen. Den siste tek opp problem som vart røynde kring slutten av andre verdskrigen og rettsoppgjeret. Desse bøkene ligg langt nærare forfattaren sjølv enn dei førre, og krinsar òg kring korleis krigshistoria vert fortolka i etterkant. Bøkene vart skrivne fleire år etter dei førre.

Biografisk samanheng endre

Ingeborg Refling Hagen legg ikkje skjul på at det langt på veg er sitt eige liv ho skildrar, sjølv om mange av karakterane har dekknamn. Ein kan godt kalle bøkene eit slag «indre biografi». Kvar karakter har eit tilsvar i historia:

  • Ingrid Mostua - Ingeborg Refling Hagen sjølv.
  • Hilda Mostua - Hilda Johanne Hagen, yngre søster av Ingeborg.
  • Sigrid Mostua - Ragna Hagen (seinare gift med Eivind Groven), yngre søster av Ingeborg.
  • Harald Mostua - Hjalmar Hagen, eldre bror av Ingeborg. I boka døyr han av tæring, medan den verkelege Hjalmar vart rekna som tapt på sjøen. Mange meinte han verkeleg var daud.
  • Gudmund Mostua - Gustav Adolf Hagen, eldre bror av Ingeborg. Han reiste til Amerika i 1909.
  • Eldste søster av Ingeborg, Louise, vert ikkje nemnd før i Jeg vil lete og banke - ho reiste til Amerika før faren var daud. Ho ber og sitt opphavlege namn.
  • Mora er i mangt tufta på mor av Ingeborg, Johanne Hagen (ho heiter ofte Johannemor i bøkene). Somme drag ved mora kan og vera frå forfattaren sjølv. Faren er daud før boka tek til.

Elles:

Matja Andrestua, Inga og Edvard Elverhøy er alle røynlege historiske vener av familien på Tangen, namngjevne slik i bøkene. Asbjørn, Anders og Signe Elverhøy ber òg sine opphavlege namn. Unnataket her er Erling, som i boka heiter Arne. Familienamnet Elverhøy er skift til det meir vanlege Bakken. I den siste boka i serien er Erling Elverhøy omtala som Erling, noko som tyder på større biografisk nærleik.

Ingeborg Refling Hagen rekna også bokserien Eventyr og historier fra Mostua (band 1-6) som ein del av prosjektet Livsfrisen. Her er det kulturen i barndomsheimen som blir skildra.

Litteratur endre

  • Ingeborg Refling Hagen: De unge 1979, Gnister i mørket 1980 og Løftet må holdes 1982
  • Svein Gundersen (red.): Av skalden fikk vi landet (Festskrift til IRH på 85-årsdagen) 1980, der finn ein artikkelen: «Livsfrisen - et folkepedagogisk verk av Ingeborg Refling Hagen», s. 98-114.