Ljøtehola
(Omdirigert frå Ljøtehølet)
Ljøtehola eller Ljøtehølet (av dialekt for ‘stygg’) er ei grotte i Ål i Hallingdal i Buskerud fylke. Hòla er ei såkalla tektonisk grotte og består av ei kring 50 meter djup sprekk. Grotta har oppstått som følgje av forskyvingar i bergmassen rundt.[1]
Ljøtehola | |||
grotte | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Ljøtehola 60°36′39″N 8°28′59″E / 60.610700921054°N 8.4830183262836°E |
I ei segn om hola skal ein kalv med bjølle ha falle ned i henne. Ei stunde seinare kunne folk høyre lyden av bjølla under jorda ved garden Strand, fleire hundre meter unna hola. I ein variant av segna dukka kalven seinare opp ved Strandafjorden.[2]
Kjelder
endre- ↑ Lauritzen, Stein Erik (14. februar 2009). «Ljøtehølet». Store norske leksikon. Henta 17. november 2013.
- ↑ «tur nr. 6.7» (PDF). Nasakamben. aal52.no.