Ljudmila Koltsjanova

Ljudmila Sergejevna Koltsjanova (fødd 1. oktober 1979) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Sjarja som internasjonalt tevla i lengdehopp. Ho vart europameister i øvinga i 2006 og tok VM-sølv året etter.

Ljudmila Koltsjanova


Verkeleg namn Людмила Сергеевна Колчанова
Statsborgarskap Russland
Fødd 1. oktober 1979 (44 år)
Sjarja
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012

Aktiv endre

Koltsjanova satsa mest på tresteghopp i yngre år. Ho sette personleg rekord i øvinga med 13,88 i 2004-sesongen, same året som ho klarde 6,54 m i lengdehopp. Året etter nådde ho 6,79 i lengdegropa, og etter den tid satsa ho på lengde. Midt i juli 2006 forbetra ho den personlege rekorden til 7,11 m i Tula, og ein månad seinare vann ho EM-gull i Göteborg med eit bestehopp på 6,93 m.

Under optimale vindtilhøve gjorde Koltsjanova den 27. mai 2007 i [][Sotsji]] sitt livs lengste lengdehopp, eit hopp som målte 7,21 m. Ho fekk sølvmedaljen i Osaka-VM tre månader seinare, elleve centimeter lagkameraten Tatjana Lebedeva. Også i 2008 og 2010 landa Koltsjanova bortom sjumeterstreken på sitt beste, men ho makta ikkje vinne fleire internasjonale medaljar.

Ho la opp etter 2013-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre