Loch Langavat
Loch Langavat (skotsk-gælisk Langabhat) er namnet på fire innsjøar på øya Lewis og Harris i Ytre Hebridane i Skottland. Namnet er ei gælisk utgåve av det norrøne lang[1] og vatn.
- Loch Langavat er ein innsjø i Ness-området på Lewis. Han ligg midt mellom Butt of Lewis og Tolsta Head, 19 km nordaust for Stornoway.[2]
- Loch Langabhat er over 11 km lang og ligg i enden av Grimersta-systemet med flott natur der ein ofte kan sjå kongeørn og kronhjort.[3] I innsjøen finst laks og brunaure.[3] Innsjøen ligg 33 meter over ahvet og har eit samla areal på 906,5 hektar. Den største djupna er 30 m.[4]
- Loch Langabhat er ein liten innsjø nord for Carlabhagh.
- Loch Langabhat sentralt på Harris ligg i ein dal med bratte sider og er meir enn 4 km lang.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Loch Langavat» frå Wikipedia på engelsk, den 31. august 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Iain Mac an Tàilleir. «Placenames» (PDF). Pàrlamaid na h-Alba. Henta 31. august 2010.
- ↑ «Loch Langavat». Gazetteer for Skottland. Henta 31. august 2010.
- ↑ 3,0 3,1 «Scaliscro Estate». Fish Hebrides. Henta 31. august 2010.[daud lenkje]
- ↑ Murray og Pullar (1908) "Lochs of Lewis" Arkivert 2012-09-08 ved Archive.is Page 213, Volum II, Part II. National Library of Scotland. Vitja 31. august 2010.