Loddline eller loddsnor var eit hjelpemiddel for å måle vassdjupna ved kystnavigering før ein hadde ekkolodd.

Loddline på ein fregatt på 1800-talet

Snora bestod av eit lodd, ofte i bly, med ei snor som var lang nok til å nå botn på ganske djupt vatn. Snora var utstyrt med knutar (knop eller stikk) av ulikt slag som markerte kor mykje av snora som var sloppe ut. Han som skulle lodde djupna måtte først og fremst mæle at der var seglingsdjupne. Når skipperen var usikker, vart segla og dermed farten redusert slik at eit godt kasta lodd ville stå loddrett stramt når segldjupnelengda var sleppt ut.

Loddmannen vart ofte så flink at han ved hjelp av hovudrekning kunne seie kor djupt der var medan loddlina stod skeivt i vatnet.

Var ein på leting etter god ankergrunn, trongst både djupnemål og opplysning om det var sand eller steinbotn. Dette vart løyst ved å smørje lodda inn med feitt. Kom det opp med sand eller gjørme, var den saka grei.

Kjelder endre