For andre tydingar av oppslagsordet, sjå lotteri.

Lodd er ei gammal måleeining for masse, spesielt brukt ved veging av sølv og gull, tilsvarande knapt 15 g, noko varierande med tid og stad. Det gjekk 16 lodd på ei mark, og i Noreg etter ca 1540 er det rekna 2 lodd på ein spesidalar. Ein lodd vart igjen inndelt i 4 kvintin eller 16 ort.

Ved forordning 1. mai 1683 og 10. januar 1698 fvart massen i ein lodd fastsett tilsvarande 14,7 g. Ved lov av 28. juli 1824 vart massen fastsett å tilsvare ei mengd som i dag kan reknast til 14,62 g.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  • Lodd i Historisk leksikon