Loen kyrkje

kyrkje i Stryn kommune


Loen kyrkje, òg kalla Lokyrkja, står i Loen i Stryn kommune i Vestland, og er ei tømra åttekantkyrkje frå 1838.

Loen kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Stryn
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordfjord
Sokn Loen
Fellesråd Stryn
Type Oktagon
Teknikk Tømra
Material Tre
Innvigd 9. september 1838[1]
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 190[1]
Kart
Loen kyrkje
61°52′18″N 6°51′32″E / 61.8716°N 6.8589°E / 61.8716; 6.8589
Wikimedia Commons: Loen kyrkje
Loen kyrkje
Den gamle steinkrossen som står på kyrkjegarden.
Foto: Peter Van den Bossche
Kyrkjegarden ved Loen kyrkje.

Byggmeister for bygget var Elling Waldboe[2] og noko arkitekt finst ikkje nemnd i samband med kyrkja. Kyrkjebygget er truleg inspirert av Innvik kyrkje oppført av eidsvollsmannen Elling Olsson Valbø.[3][4] Kyrkja er lite endra opp gjennom åra og ho er difor ei av dei som gjev ein best inntrykk av korleis det var i norske kyrkjer av denne typen på fyrste halvdel av attenhundretalet.

På kyrkjegarden ved kyrkja ligg dei som vart attfunne etter raskatastrofane som ramma dei inste bygdene ved Lovatnet i 1905 og 1936 gravlagde.[5] Ved kyrkja står det minnesteinar med namna til dei omkomne i ulukkene, og inni kyrkja heng det ei minnetavle.[6]

Sjå òg

endre

Referansar

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre