Lokalstyrte busetnader på Kypros
Ein lokalstyrt busetnad (gresk κοινότητα, kinótita) er ei administrativ inndeling av Republikken Kypros. Kypros har seks distrikt, som er delte inn i kommunar (mest i urbane område) og lokalstyrte busetnader (mest i landlege område).[1]
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har den nordlege delen av øya vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Dette gjeld 135 lokalstyrte busetnader, medan 350 ligg i dei områda som er under kontroll av kypriotiske styresmakter.[1]
Busetnader med meir enn 5000 innbyggjarar eller som har ressursar til å fungere som ein kommune, kan etter folkerøysting få status som kommune. I 2011 vart det på denne måten seks nye kommunar på Kypros.[1][2]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «The Committee of the Regions and the Cyprus Presidency of the Council of the European Union» (PDF) (på engelsk). EU: Committee of the Regions. Arkivert frå originalen (PDF) 17. september 2023. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Έξι νέοι Δήμοι στην Κύπρο – Seks nye kommunar på Kypros» (på gresk). Ένωση Δήμων Κύπρου – Unionen av kypriotiske kommunar. Arkivert frå originalen 5. juni 2023. Henta 17. september 2023. Pressemelding 24.10.2011