Administrativ inndeling på Kypros

Den administrative inndelingaKypros vart sist endra då det i 2011 vart oppretta seks nye kommunar.[1]

Kypros har seks distrikt,[2] som er delte inn i 39 kommunar[3] (mest i urbane område) og 485 lokalstyrte busetnader (mest i landlege område).[4] Av desse ligg ni kommunar og 135 lokalstyrte busetnader i område som er utanfor kontroll frå styresmaktene og som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros.[4] Kommunane i desse områda har ein kommuneadministrasjon i eksil.[5]

Distrikt og kommunar i Republikken KyprosEndra

Distrikt Kommune Status
Levkosía Aglandziá
Ájos Dométios
Dáli
Éngomi
Jéri
Kythréa kommune i eksil
Lakatámia
Latsiá
Mórfou kommune i eksil
Levkosia (Nikosia)
Stróvolos
Tséri
Kerýnia Karavás kommune i eksil
Kerýnia kommune i eksil
Lápithos kommune i eksil
Ammókhostos Ajía Nápa
Akanthoú kommune i eksil
Ammókhostos kommune i eksil
Derýnia
Levkóniko kommune i eksil
Lýsi kommune i eksil
Paralímni
Sotíra
Lárnaka Aradíppou
Athiénou
Dromolaxiá-Meneoú
Lárnaka
Lévkara
Livádia
Lemesós Ájos Athanásios
Jermasója
Káto Polemídia
Lemesós
Mésa Jitonía
Ýpsonas
Páfos Jeroskípou
Páfos
Péja
Póli

Distrikt, underdistrikt og kommunar i Nord-KyprosEndra

Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har den nordlege delen av øya vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Nord-Kypros er delt inn i seks distrikt, som er delte inn i 12 underdistrikt med i alt 28 kommunar.[6][7]

Distrikt Underdistrikt Kommune
Lefkoşa Lefkoşa Merkez Lefkoşa (Nord-Levkosía)
Akıncılar (Louroukína)
Alayköy (Jerólakkos)
Gönyeli (Kióneli)
Değirmenlik Değirmenlik (Kythréa)
Gazimağusa Gazimağusa Merkez Gazimağusa (Ammókhostos)
İnönü (Sínta)
Yeni Boğaziçi (Ájos Sérjos)
Akdoğan Akdoğan (Lýsi)
Beyarmudu (Pérgamos)
Paşaköy (Ássia)
Vadili (Vatilí)
Geçitkale Geçitkale (Levkóniko)
Serdarlı (Kiádos)
Tatlısu (Akanthoú)
Girne Girne Merkez Girne (Kerýnia)
Alsancak (Karavás)
Çatalköy (Ájos Epíktitos)
Dikmen (Díkomo)
Esentepe (Ájos Amvrósios)
Lapta (Lápithos)
Çamlıbel Lapta (Lápithos)
Güzelyurt Güzelyurt Merkez Güzelyurt (Mórfou)
Lefke Lefke Lefke (Lévka)
İskele İskele Merkez İskele (Tríkomo)
Mehmetçik Mehmetçik (Galátia)
Büyükkonuk (Kómi Kepír)
Yeni Erenköy Yeni Erenköy (Jaloúsa)
Dipkarpaz (Rizokárpaso)

Dei tre busetnadene Pile (Pýla) i distriktet Gazimağusa, Karaman (Kármi) i distriktet Girne og Kantara (Kandára) i distriktet İskele ligg utanfor kommunestrukturen.

Britisk administrasjonEndra

Dei to britiske militærbasane Akrotíri og Dekélia i sør og søraust er Britiske oversjøiske territorium[8] og er ikkje ein del av republikken Kypros.

FN-administrasjonEndra

Mellom dei områda som er kontrollerte av republikken Kypros, og dei områda som er administrerte av Nord-Kypros, er det ein buffersone som er kontrollert av FN, ofte kalla «den grøne linja».

ReferansarEndra