Kuzey Kıbrıs Türk Cumhuriyeti
Den tyrkiske republikken Nord-Kypros
Flagg Riksvåpen
Nasjonalt motto:
ikkje noko
Offisielt språk: Tyrkisk
Hovudstad: Levkosía (ty: Lefkoşa)
Styreform: Republikk
Mustafa Akıncı
Hüseyin Özgürgün
Areal:
Av dette vatn:
3 355 km²
2,7 %
Innbyggjarar (2005):
Tettleik:
229 210
68,3/km²
Valuta: Ny tyrkisk lira
Tidssone: UTC +2
Nasjonaldag: 15. november
Nasjonalsong: «İstiklâl Marşı»
Nasjonalt toppnivådomene: .nc.tr
Geografisk plassering:

Kart over Nord-Kypros

Nord-Kypros (tyrkisk: Kuzey Kibris Türk Cumhuriyeti) er ein republikk nord på øya Kypros. Området omfattar meir enn ein tredel av øya. Republikken er ikkje offisielt anerkjend av andre enn Tyrkia. Republikken Nord-Kypros ynskjer eit føderalt system i eit samla Kypros eller å verta anerkjend av dei sameinte nasjonane.

Staten vert òg omtala som Den tyrkiske republikken Nord-Kypros eller KKTC.

Nord-Kypros er sterkt avhengig av stønad frå Tyrkia.

Historie endre

Staten vart oppretta som resultat av striden mellom gresk-kypriotane og tyrkisk-kypriotane. Den nordlege delen av Kypros vart invadert av Tyrkia i 1974. I 1975 vart Nord-Kypros gjeve namnet «tyrkisk føderal stat Nord-Kypros». I 1983 vart området utropa som sjølvstendig stat og namnet endra til Den tyrkiske republikken Nord-Kypros.

Administrativ inndeling endre

Nord-Kypros er delt inn i seks distrikt:[1][2]

Distrikta er igjen delte inn i 12 underdistrikt med i alt 28 kommunar.

Referansar endre

  1. «KKTC Nüfus Sayımı, 2011 – Folketeljing Nord-Kypros 2011» (PDF) (på tyrkisk). www.ktoeos.org. Arkivert frå originalen (PDF) 9. juli 2022. Henta 17. september 2023. 
  2. «Lefke 6. ilçe oldu! Lefke sjette distrikt i Nord-Kypros» (på tyrkisk). Kibris Postasi. Arkivert frå originalen 11. september 2022. Henta 16. september 2023. 
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.