Loke saar havre er ei norsk novelle eller ein stutt roman frå 1922, skriven av Ingeborg Refling Hagen. Boka er lagd til ei tid då det var vanleg med fattiggardar på Hedmarka og syner korleis born, unge jenter, sinnsjuke og eldre folk vart handsama i legdsystemet.

HandlingEndra

Elsbet Aaslien er ei ung jente som ventar barn med sonen på ein storgard. Elsbet får veta at guten skal ha jenta på ein annan storgard, Store Ask, og ho ser aldri meir til han. Ho gjer likevel kva ho kan for å halde barnefaren skuldfri. Ho ser det som svik mot han og mot den kjærleiksopplevinga ho har hatt, om ho gjev opp namnet hans, endå om ho vert utsett for press frå presten sjølv.

Fattig og ugift som ho er, ser ho ikkje annan utveg enn å dra til fattiggarden i hovudbygda for å føde. Sjølv er ho oppvaksen på ein av markheimane eller husmannsplassane i området, men ho er opphavleg av Svartholætt. Det som ein gong var ættegard, er blitt fattiggard etter at det gjekk nedover med Svartholfolket. Svarthol er som ein motting der dei som samfunnet ikkje har bruk for, vert samla opp og repsektlaust handsama: utslitne kjerringar, legdkallar og sinnsjuke. Og ho møter unge jenter i same situasjon som ho sjølv er i. I ei scene som mest av alt liknar ein omsnudd auksjon på ein slavemarknad, røyner ho koss legdsfolk vert «selde» som var dei slavar:

Her ser de Anne Hansdatter Hagaeie, hu kan stelle ku og svin, røkte hus og baan, fast hu er ørlite faain, og har tynt med vett i skailla. Flink og arbeidsam, høre de folk! Haakken byr, haakken byr på Anne Hansdatter Hagaeie? Fresk og rask, ailler daalig en dag! - tru som et drog, saa haakken byr, haakken byr?[1]

Her er det slik at den som byr lågast får tilslaget. Fattigkassa vil helst betala minst mogeleg for å bli av med dei som er stadde i naud. Somme gardar driv jordvegen mest berre med utpinte stakkarar.

Elsebet er og vitne til koss andre unge jenter lyt gje frå seg borna til legdsystemet og fattigkassa. Ho føder ein gut. Men ho kan ikkje tenkje seg å skiljast frå sonen sin, som framleis er sped, på denne måten. Ei grufull natt er ho vitne til koss ei ung jente blir hundsa av fødselshjelparen medan ho ligg og føder. Då jordmora endeleg kjem, er både mor og barn døde. Då har Elsbet fått nok. Ho orkar ikkje tanken på at sonen skal ende som mishandla og utnytta legdunge, og vel å gå i tjernet med barnet på armen. Under flukta tidleg neste morgon velt liksom heile livet innover henne. Og ho stirer attende på garden der han ligg «med lange raden av sløve, døde glas – Svarthol fattighus. Sidste Elsbet indleg på sin egen gaard» (Loke saar havre 1922, s. 90.)

Tema og bodskapEndra

Temaet ligg gøymd i tittelen. I sjølve «vaarosen» finst Lokes utsæd, og lesaren lyt etter kvart skjøna at Lokes utsæd er svik. Eller sagt på ein annan måte: Temaet er sosialt vanstell som botnar i klasseskilnad og vantande sosialt samvet, som igjen fører til svik mot fattige og hjelpelause, mellom dei unge kvinner og born. Svik mot dei hjelpelause er svik mot kjærleiken i alle tydingar av ordet, ja, mot livet sjølv.

Bodskapen i boka var aktuell nok då boka kom ut. Ingeborg Refling Hagen kjende godt til frå sin eigen heimkommune Stange, den redsla eldre folk hadde for miste arbeidsevna og koma «atti vegen» som det heitte. Det var det same som å hamne på fattighuset. Motivet er mellom anna sentralt i Den første morgentimen: «Bli til hefte for dem som trengte hvert øyeblikk for å berge livet. Det var redselen som hang som en skugge over alle som tok til å trekke på årene.»[2] Men forfattaren har gitt seg den fridomen som ligg i å skuve handlinga attende i tid: «Hændelsen er saa gammel som fra den tiden sognet hadde bare én kirke, mens sjølve prestgar'n i flatbygden endda var gard tilgagns, og aatte hele prestmarken og mange hem i den.» Slik opnar soga. Og slik kling ho ut: «Hændelsen er gammel - helt fra den tia da Austdalsbonden i Vestbygda solgte Austdalsmarka til Ask for en okse.»

Seinare omarbeidingEndra

Ingeborg Refling Hagen sette seinare novella inn i Den første morgentimen som er tredje bandet av Livsfrisen. Som vanleg i Livsfrisen har ho omarbeidd novella noko. Ho har modernisert språket litt, og let Elsebet og ei anna ungjente gjera seg somme refleksjonar som ikkje var med då forteljinga kom ut første gongen i 1922. Bøkene i Livsfrisen har ei rammeforteljing der ein kan følgje forfattarens alter ego, den unge Ingrids, vokster som menneske og diktar. I rammeforteljinga vert temaet i novella utdjupa. Mot slutten av boka er det og lagt inn inn ein fiktiv dialog mellom Ingrid og Elsbet. Den siste stig fram for Ingrid i eit syn, og no blir ho sett i samband med nærskylde kvinnelagnader i verdslitteraturen.

Seinare referanseEndra

Den norske filmen Snart 17 har noko av den same tematikken, men her vel den unge jenta abort. Filmen har teke nokre av replikkane frå «Loke sår Havre».

FotnotarEndra

  1. Loke saar havre 1922, s. 23.
  2. Refling Hagen: Den første Morgentimen (1950) s. 6.