Lokomotivet Thomas og vennene hans

Lokomotivet Thomas og vennene hans (originaltittel mellom 1984 og 2003: Thomas the Tank Engine and Friends, originaltittel sidan 2003: Thomas and Friends) er ein fjernsynsserie for born, produsert sidan 1984.

Lokomotivet Thomas og vennene hans
Typeanimert TV-serie
OriginaltittelThomas & Friends
SjangerBarne-TV, fantasy-tv-serie
OpphavslandStorbritannia
Produksjonsland Storbritannia
Introduksjonsår1984
Sesongar22
Episodar427
Lengd5 minutt (sesong 1-7)
7 minutt (sesong 8-12)
9 minutt (sesong 13-no)
SpråkEngelsk
SkaparWilbert Awdry
RegiDavid Mitton, Steve Asquith, Greg Tiernan
MusikkMike O'Donnell og Junior Campbell (1983-2003)
Peter Hawthorne (2004-no)
ForteljarRingo Starr (1984-1990)
Michael Angelis (1991–2015)
RøysterJoseph May, John Hasler, David Bedella, Hugh Bonneville, Jamie Campbell Bower, Darren Boyd, Nathan Clarke, Olivia Colman, Jules de Jongh, Keith Wickham, Rob Rackstraw
Periode4. september 1984
KanalITV
Biletformat576i (SDTV) (filma, sesong 1-6)
16:9 (576i SDTV) (filma, sesong 6-10)
1080i HDTV) (filma, sesong 11)
16:9 (1080i HDTV (animert) (sesong 12-no)
LydformatStereo (1984-1995)
Dolby Surround (1998-2002)
Dolby Digital 5.1 (2003-no)

Serien vert laga av ITE Entertainment etter manus av Britt Allcroft, basert på bøker av soknepresten Wilbert Awdry. Hovudpersonane er lokomotiv, andre køyretøy og anna jarnbanemateriell; alle er utstyrte med menneskelege eigenskapar.

Sidan 2008 har figurane hatt meir rørsle via dataanimasjon og frå 2009 har figurane fått eigne røyster forutan forteljaren. I den opphavlege engelske versjonen hadde det tidlegare The Beatles-medlemmet Ringo Starr forteljarrøysta i sesongane 1 og 2 (1984–1986), frå sesong 3 (1991-92) og utover har Michael Angelis forteljarrøysta.

I Noreg har Trine Lossius Borg (sesong 1-2), Gro Solemdal (sesong 3-5), Terje Strømdahl (sesong 6) og Kalle Øby (sesong 8 og utover) hatt forteljarrøysta.

Kjelder

endre