Lomonosov i Russland
Lomonosov (russisk Ломоно́сов) er ein by i den føderale byen Sankt Petersburg i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg ved sørkysten av Finskebukta, rundt 30 km vest for sentrum av St. Petersburg.
Lomonosov Ломоносов | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | St. Petersburg | ||
Grunnlagd Bystatus |
1710 1780 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2003) |
37 800 | ||
Koordinatar | 59°55′N 29°46′E / 59.917°N 29.767°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Retningsnummer (tlf) | +7 812 |
Byen heitte Oranienbaum (russisk: Ораниенба́ум) til 1948. I byen ligg eit 1700-tals park- og palass-kompleks (Oranienbaum). Palasset er det einaste av dei kjende palassa rundt St. Petersburg som ikkje vart teken av tyskarane under den andre verdskrigen.
Det opphavlege namnet på byen er Oranienbaum, som tyder «appelsintre» på tysk (på dagens tysk er ordet Orangenbaum). Namnet gjaldt først palasskomplekset, som hadde drivhus for eksotiske planter. Det noverande namnet er for å ære vitskapsmannen, diktaren og glasblåsaren Mikhail Lomonosov. I 1754 grunnla Lomonosov ein fabrikk for farga glas ved Oranienbaum, i landsbyen Ust-Ruditsa.
Det store palasset med den nedre parken er eit utsøkt døme på eit kunstnerisk kompleks frå første fjerdedel av 1700-talet. Det vart bygd i perioden 1710-25 vis-a-vis Kronstadt, nær keisarresidensen Peterhof.
Kjende personar frå Lomonosov
endre- Igor Stravinskij – komponist
Bakgrunnsstoff
endre- Historier og bilete frå Lomonosov-palasset Arkivert 2014-03-14 ved Archive.is
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Lomonosov (by)» frå Wikipedia på bokmål, den 1. februar 2009.