Lorents Hansen

norsk gardbrukar og politikar

Lorents Vilhelm Dass Hansen (30. juni 186630. juli 1933) var ein norsk gardbrukar frå Lenvik som representerte Troms fylke og partiet VenstreStortinget i tida 1922-33.

Lorents Hansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. juni 1866
Lenvik
Død

30. juli 1933 (67 år)

Yrke fiskarbonde, politikar
Politisk parti Venstre

Lorents Hansen var fødd på Straumsnes i Rossfjord, der far hans dreiv eigen gard. Fram til 1910 deltok han i fiskeria, men tok allereie i 1890 over farsgarden og dreiv han til han døydde. Frå 1895 til 1922 var Hansen medlem i Lenvik heradsstyre, varaordførar 1901-04, og deretter ordførar i 18 år. Også forlikskommissær i lang tid. Han var styremedlem i Troms Dampskibselskap frå 1911 til 1927.

Venstre-politikaren Hanssen møtte på Stortinget i fire etterfylgjande valperiodar frå 1922. Han var 1922-24 medlem i Finanskomiteen, 1925-30 i Næringskomite nr 2, og 1931-33 i Finans- og tollkomiteen. Få veker etter 1933-sesjonen vart avslutta døydde han.

Kjelder endre