Lorns Skjemstad

Lorns Olav Skjemstad (fødd 10. mars 1940) i Inderøy) er ein norsk tidlegare langrennsløpar. Hans beste tevlingresultat kom i Holmenkollen i 1965 då han vann 15 km. Same sesongen vart han noregsmeister på 30 km. Skjemstad høyrde med mellom dei beste i norsk langrenn åra 1964-69. Han la opp i 1969, og byrja som trenar. Han bur på Røros.

Lorns Skjemstad
Start nr. 1 Lorns Skjemstad under VM på ski i Oslo 1966 (5475787857).jpg
Fødd 10. mars 1940 (83 år)
Inderøy
Yrke langrennsløpar, skribent
Lorns Skjemstad på Commons

Skjemstad representerte Noreg under Ski-VM 1966 i Oslo og OL 1968 i Grenoble. Han vart nummer 8 på 30 km i Oslo og nr 11 på same distansen i Grenoble. Skjemstad har tre individuelle NM-medaljar. I 1965 tok han gull på 30 km og sølv på femmila, og i 1969 tok han sølv på 15 km.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og rennEndra

Skjemstad «opna» verdsmeisterskapen 1966 då han hadde startnummer 1 på tremila
  • 1965: Vinnar av 15 km i Holmenkollen
  • 1966: Nr 8 på 30 km under VM i Oslo, nr 2 på 15 km og nr 3 på 50 km i Lahti
  • 1967: Nr 8 på femmila i Holmenkollen
  • 1968: Nr 11 på 30 km under OL i Grenoble

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskapEndra

Etter han slutta som aktiv langrennar, tok Skjemstad til som langrennstrenar. Han forfatta fleire bøker om langrennstrening.

BibliografiEndra

  • Langrenn – trening for gutter og jenter (1970)
  • Skismøring: Råd for tur- og langrennsløpere (1971) - skrive saman med Michael M. Brady - ISBN 82-09-00035-7
  • Langrennsboka for turgåere og konkurranseløpere (1972) - skrive saman med Michael M. Brady - ISBN 82-504-0020-8
  • Skiforeningens lille langrennsbok for jenter og gutter (1972) - ISBN 82-504-0000-3
  • Nye langrennsboka (1980) - revidert utgåve av Langrennsboka for turgåere og konkurranseløpere (1972) ISBN 82-504-0390-8

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar