Lou Reed Live
Lou Reed Live Konsertalbum av Lou Reed | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | mars 1975 | |
Innspelt | 21. desember 1973 Howard Stein's Academy of Music i New York | |
Sjanger | Glamrock | |
Lengd | 37:49 | |
Selskap | RCA Records | |
Produsent | Steve Katz and Lou Reed | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
Lou Reed-kronologi | ||
Sally Can't Dance (1974) |
Lou Reed Live | Metal Machine Music (1975)
|
Lou Reed Live er eit konsertalbum av Lou Reed, gjeven ut i 1975. Det vart spelt inn på same konserten som Rock 'n' Roll Animal den 21. desember 1973,i Howard Stein's Academy of Music i New York. Det inneheld tre songar frå Transformer, ein song frå The Velvet Underground & Nico og to songar frå Berlin. Desse to albuma inneheld heile konserten, sjølv om rekkefølgja på songane er annleis.
I 2003 gav BMG Special Music Products ut dette albumet som ein del av «Extended Versions»-serien deira. Tittelen vart endra for å syne dette, men innhaldet var det same.
Denne konsertplata har ein annan stereomiks enn motparten og gitarist Dick Wagner er å høyre i den venstre kanalen, medan Steve Hunter er i den høgre. Dette er motsett på Rock 'n' Roll Animal.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Lou Reed.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Vicious» | 5:55 |
2. | «Satellite of Love» | 6:03 |
3. | «Walk on the Wild Side» | 4:51 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
4. | «I'm Waiting for the Man» | 3:38 |
5. | «Oh, Jim» | 10:40 |
6. | «Sad Song» | 7:32 |
Medverkande
endre- Lou Reed — vokal
- Ray Colcord — tangentinstrument
- Pentti Glan — trommer, perkusjon
- Steve Hunter — gitar
- Prakash John — bass
- Dick Wagner — gitar
- Rob Hegel - korvokal på «Sad Song»
- Teknisk
- Gus Mossler - lydteknikar
- Bruce Somerfeld, George Semkiw - produksjonsassistentar
- Oliviero Toscani - fotografi
Salslister
endreListe(1975) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[4] | 42 |
Nederland | 14 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lou Reed Live» frå Wikipedia på engelsk, den 5. oktober 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Lou Reed Live på Allmusic
- ↑ Robert Christgau review
- ↑ Nelson, Paul (5. juni 1975). «Lou Reed: Lou Reed Live : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 9. april 2009. Henta 5. oktober 2011.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 249. ISBN 0-646-11917-6.