The Velvet Underground & Nico

The Velvet Underground & Nico
Studioalbum av The Velvet Underground og Nico
Språk engelsk
Utgjeve 12. mars 1967
Innspelt April, mai og november 1966
Studio
Sjanger
Lengd 47:51
Selskap Verve
Produsent
The Velvet Underground-kronologi 
The Velvet Underground & Nico White Light/White Heat
(1968)
Nico-kronologi
The Velvet Underground & Nico Chelsea Girl
(1967)
Singlar frå The Velvet Underground & Nico
  1. «All Tomorrow's Parties» / «I'll Be Your Mirror»
    Utgjeve: Juli 1966
  2. «Sunday Morning» / «Femme Fatale»
    Utgjeve: Desember 1966

The Velvet Underground & Nico er debutalbumet til det amerikanske rockebandet The Velvet Underground og den tyske songaren Nico, gjeve ut i mars 1967 på Verve Records. Det vart spelt inn i 1966 medan bandet spelte på Andy Warhol sin Exploding Plastic Inevitable-turné. Albumet består av eksperimentell musikk og kontroversielle tekstar, som omhandla dopmisbruk, prostitusjon, sadomasochisme og seksuale avvik. Det selde dårleg og vart stort sett ignorert av kritikarane då det kom ut, men vart seinare rekna som eit av dei mest inspirasjonstunge album i heile rockehistoria.

Det er blitt skildra som «det originale kunstrock-albumet»,[1] og hadde stor innverknad på mange undersjangrar av rock og former for alternativ musikk, inkludert punk, garasjerock, krautrock, post-punk, shoegaze, goth og indie.[2] I 1982 sa musikaren Brian Eno at sjølv om albumet berre selte kring 30 000 eksemplar dei første fem åra, «starta alle dei 30 000 som kjøpte ei av desse eit band!»[3] I 2003 vart albumet rangert på 13. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene,[4] og i 2006 vart det innlemma i National Recording Registry av Library of Congress.[5]

Innspeling endre

 
Nico song solovokal på tre spor, inkludert singelen «All Tomorrow's Parties».

The Velvet Underground & Nico vart spelt inn med den første profesjonelle besetninga av The Velvet Underground: Lou Reed, John Cale, Sterling Morrison og Maureen Tucker. Mentoren og manageren deira Andy Warhol, og samarbeidspartnaren hans Paul Morrissey, fekk òg den tyske songaren Nico med på albumet etter at ho stundom hadde sunge solovokal for bandet.[6] Ho song solo på tre av songane på albumet — «Femme Fatale», «All Tomorrow's Parties» og «I'll Be Your Mirror»—og korvokal på «Sunday Morning». I 1966, då albumet vart spelt inn, var dette òg besetninga som spelte som ein del av Warhol sitt Exploding Plastic Inevitable.[7]

Dei fleste av songane som kom med på The Velvet Underground & Nico vart spelte inn i april 1966 under ein fire dagar periode i Scepter Studios, eit nedslite platestudio i Manhattan. Innspelinga vart betalt av Warhol og salssjefen i Columbia Records, Norman Dolph, som òg fungerte som lydteknikar i lag med John Licata. Sjølv om ein ikkje veit nøyaktig kva prosjektet kosta, har estimata variert frå 1 500 til 3 000 amerikanske dollar.[8]

Kort etter innspelinga sende Dolph ei acetatplate av innspelingane til Columbia Records i eit forsøk på å få dei interessert i å distribuere albumet, men dei avslo. Det same gjorde Atlantic Records og Elektra Records, og i følgje Morrison protesterte Atlantic mot dopreferansane i songane til Reed, medan Elektra mislikte bratsjen til Cale.[9] Til slutt tok MGM Records-eigde Verve Records i mot innspelingane, med hjelp frå den faste produsenten til Verve, Tom Wilson som nyleg hadde starta for dei etter å ha slutta hos Columbia.[10]

Då dei hadde eit selskap i ryggen vart tre av songane, «I'm Waiting for the Man», «Venus in Furs» og «Heroin», spelte inn på nytt ein månad seinare, i mai 1966 over to dagar i TTG Studios under eit opphald i Hollywood. Då utgjevinga av plata vart utsett, tok Wilson med seg bandet til Mayfair Recording StudiosManhattan i november 1966 for å legge til ein song til på albumet: singelen «Sunday Morning».[11]

Produksjon endre

 
Kunstnaren Andy Warhol designa plateomslaget på albumet og spelte ei stor rolle i produksjonen av albumet.

Sjølv om Andy Warhol er den einaste som formelt er oppført som produsent, hadde han liten direkte påverknad utanom at han betalte for innspelingane.[12] Fleire andre som arbeidde på albumet er ofte nemnde som teknisk produsent.[8][13]

Norman Dolph og John Licata er stundom sagt å ha produsert innspelingane i Scepter Studios, sidan dei var ansvarlege for å ta opp lyden og var lydteknikarar, men ingen av dei er oppførte som dette.[8] Dolph sa at Cale var kunstnarisk produsent, sidan han tok seg av dei fleste arrangementa.[8] Cale sa derimot sjølv at Tom Wilson produserte nesten alle spora, og at Warhol «ikkje gjorde noko som helst».[13] Reed sa òg at den «verkelege produsenten» på albumet var Wilson.[12] Reed hevda det var MGM som valde å hente inn Wilson, og sa det var han som produserte songar som «Sunday Morning»: «Andy absorberte all kritikken. Så sa MGM at dei ønskte å hente inn ein verkeleg produsent, Tom Wilson. Så det er slik du fekk 'Sunday Morning', med alle desse ekstra lydspora - bratsjen i bakgrunnen, Nico som syng. Men han kunne ikkje gjere om det som alt var gjort.»[14]

Sterling Morrison og Lou Reed omtalte begge Warhol sin mange på manipulasjon som ein legitim produksjonsmetode.[8] Morrison skildra Warhol som produsenten «slik ein produserer ein film».[15] Medan Reed sa:

Han gjorde det mogeleg for oss å vere oss sjølv og berre køyre på fordi han var Andy Warhol. På eit vis produserte han verkeleg plata, fordi han var som ein paraply som absorberte alle åtaka då me ikkje var store nok til å bli angripne ... og som ein følgje av at han var produsent, gjekk me berre inn og gjorde det me alltid gjorde, og det var ingen som stoppa oss fordi Andy var produsenten. Han visste sjølvsagt ingenting om å produsere plater, men det trengde han ikkje. Han berre sat der og sa «Oooh, det er fantastisk,» og lydteknikaren sa «Å ja! Akkurat! Det er fantastisk, ikkje sant?»[16]

Musikk og tekst endre

Tema endre

The Velvet Underground & Nico var kjend for skildringar av tema som dopmisbruk, prostitusjon, sadisme og masochisme og seksuelle avvik. «I'm Waiting for the Man» skildrar ein person som prøver å få tak i heroin,[17][18] medan «Venus in Furs» er nesten ei bokstavleg tolking av 1800-tals romanen av same namn (som hovudsakleg består av soger omBDSM).[19] «Heroin» inneheld detaljar om dopmisbruket til hovudpersonen og kjenslene av verknaden av stoffet.[20]

Lou Reed, som skreiv dei fleste tekstane, tenkte ikkje å skrive om slike tema fordi dei var sjokkerande. Reed var fan av diktarar og forfattarar som Raymond Chandler, Nelson Algren, William S. Burroughs, Allen Ginsberg og Hubert Selby jr., og såg ikkje kvifor verka deira ikkje skulle fungere i rockemusikk. Han hadde studert engelsk ved Syracuse University og sa i eit intervju at han tenkte at det var «opplagt» å slå saman grove tema og musikk.[13] «Det er slikt du kan lese om. Kvifor kan du ikkje lytte til det òg? Om du har det moro når du les det, og får det som er moro med rock i tillegg.»[13]

Dei mørke emna på albumet vert i dag rekna som revolusjonerande,[21] og fleire av songane på albumet omhandlar tema som er meir typiske for popmusikken. Visse songar skrivne av Reed er observasjonar av folk i krinsen til Andy Warhol kalla «The Factory». «Femme Fatale» vart særskild skriven om Edie Sedgwick etter at Warhol spurde om det. «I'll Be Your Mirror», inspirert av Nico,[11] er ein var og lidenskapleg song, i sterk kontrast til ein song som «Heroin». Ei vanleg mistolking er at «All Tomorrow's Parties» vart skriven av Reed etter at Warhol bad om det (som det står i biografien til Victor Bockris og Gerard Malanga om Velvet Underground, Up-Tight: The Velvet Underground Story). Sjølv om songen verkar å vere nok ein observasjon av folk kring Factory, skreiv Reed songen før han møtte Warhol, og spelte inn ein demo av songen i juli 1965 i Ludlow Street.[6] Han hadde ei visestil, som mogelegeins var inspirert av Bob Dylan.[22]

Instrument og framføring endre

Musikalsk har The Velvet Underground & Nico generelt blitt skildra som kunstrock,[1][23] eksperimentell rock,[24] proto-punk,[25] psykedelisk rock,[26] og avant-pop.[27] Mykje av stilen på albumet kom frå John Cale, som la vekt på dei eksperimentelle kvalitetane deira. Han var sterkt inspirert av arbeidet sitt med La Monte Young, John Cage og den tidlege Fluxus-rørsla, og oppfordra til bruk av alternative måtar å produsere lydar i musikken. Cale tenkte at følsemda hans passa godt med Lou Reed si, som alt eksperimenterte med alternative stemmingar. Til dømes hadde Reed «funne opp» ostrichgitar-stemminga for ein song han skreiv kalla «The Ostrich» for det kortvarige bandet hans, The Primitives. Ostrichgitar-stemming går ut på at alle strengene er stemde til same tone. Denne metoden vart nytta på songane «Venus in Furs» og «All Tomorrow's Parties». Ofte var gitarane òg stemnde ned ein heiltone, som skapte ein lågare, fyldigare lyd som Cale meinte var «sexy».[8]

Bratsjen til Cale vart nytta på fleire av songane på albumet, som «Venus in Furs» og «Black Angel's Death Song». Bratsjen nytta gitar- og mandolinstrenger, og når han spelte høgt samanlikna Cale lyden med lyden frå ein flymotor.[21] Tekniken til Cale bestod vanlegvis av bordunar, nedstemming og forvrenging.[28] I følgje Robert Christgau opprettheld den «narkotiske dronen» ikkje berre den sadomasochisme-tematiske «Venus in Furs», men «identifiserer og samlar òg heile albumet musikalsk». Om vokalen sa han at «røysta til Nico har ein kabaretaktig seksualitet» utfylt av «det lidenskapslause fråværet i synginga til Reed».[29] I 1966 skildra Richard Goldstein røysta til Nico som «som ein cello som vaknar om morgonen».[30]

Plateomslag endre

Plateomslaget for The Velvet Underground & Nico er gjenkjenneleg med eit Warhol-trykk av ei banan. Tidlege eksemplar av albumet inviterte eigaren til å «sakte skrelle og sjå», og kunne ta bort bananskalet og syne ei kjøtfarga banan under. Det måtte ein spesialmaskin til for å produsere desse omslaga (noko som førte til at utgjevinga av albumet vart forseinka), men MGM betalte for kostnadane og tenkte at banda til Warhol kom til å auke albumsalet.[8][13] Dei fleste nyutgjevingane av vinylutgåva har ikkje klistremerket som kunne skrellast av. Originale eksemplar med klistremerket er i dag eit sjeldant samlarobjekt. Ei japansk nyutgjeving tidleg i 1980-åra var den einaste nyutgjevinga som hadde bananklistremerket i mange år. I 1996 om albumet ut på CD og bananbilete er på framsida, medan biletet av den skrelte banana er på innsida av etuiet, under sjølve CD-plata. Albumet vart trykt på nytt på tung vinyl i 2008 med bananklistremerket.[31]

Søksmål om baksida endre

Då albumet først kom ut var hovudbiletet på baksida eit bilete av skodespelaren Eric Emerson projisert opp ned på ein vegg bak bandet, teken under ein performance under Warhol-hendinga Exploding Plastic Inevitable. Emerson trengde pengar og truga med søksmål over at biletet var nytta utan hans løyve, med mindre han vart betalt.[8] I staden for å betale henta MGM inn kopiar av albumet og stoppa produksjonen fram til bilete av Emerson kunne retusjerast bort.[32] Kopier som alt var trykt vart selde med eit stort, svart klistremerke over biletet av skodespelaren.[32]

Søksmål om framsida endre

I januar 2012 saksøkte føretaket «Velvet Underground» (der John Cale og Lou Reed var hovudeigarar) The Andy Warhol Foundation for the Visual Arts, Inc. i USA etter at Warhol-stiftinga gav lisensen for banandesignet til Incase Designs for at det kunne nyttast for eit merke iPhone- og iPad-deksel. Søksmålet omfattar brot på opphavsrett, varemerke og urettferdig konkurranse.[33]

Med påstand om at stiftinga tidlegare hadde hevda at han «kunne» eige opphavsretten til designet, bad partnerskapet retten om ein erklæringsdom om at stiftinga ikkje hadde ein slik rett.[34] Som svar gav stiftinga partnerskapet ei «Pakt om å ikkje saksøke» - eit skriftleg og bindande løfte om at sjølv om partnerskapet og visse andre parter fortsette å bruke designet kommersielt, ville stiftinga aldri påberope seg sitt påståtte opphavsrettsinnehav mot dei i ein domstol.

Dommaren Alison J. Nathan avviste partnerskapet sitt krav om opphavsrett frå søksmålet.[35]

Mottaking endre

Salslister og salstal endre

The Velvet Underground & Nico kom ut selde det dårleg. Det kontroversielle innhaldet på albumet førte til at det raskt vart bannlyst frå fleire platebutikkar, mange radiostasjonar nekta å spele musikk frå plata og magasin nekta å reklamere for albumet.[8] Verve gjode uansett ikkje mykje for å marknadsføre eller distribuere albumet, som medverka til det dårlege platsalet.[8][21] Richie Unterberger i AllMusic skreiv:

... musikken var rett og slett for dristig for kommersiell radio, «undergrunns»-radioane var berre så vidt kome i gang, og uansett kan dei godt ha blitt oversett på ei tid då psykedelisk musikk var på topp.[36]

Albumet gjekk inn på Billboard den 13. mai 1967, på ein 199. plass, og fall ut av lista den 10. juni 1968 på ein 195. plass. Då Verve kalla albumet attende i juni på grunn av søksmålet til Eric Emerson, forsvann det frå lista i fem månader. Det gjekk så inn at på lista den 18. november 1967 og nådde 171. plassen den 16. desember 1967, før det gjekk ut av lista.[13]

Musikaren Brian Eno sa i 1982 at sjølv om albumer berre selde kring 30 000 eksemplar dei første fem åra, så «starta alle dei som kjøpte dei 30 000 eksemplar eit band!»[3] Skribentar har ofte nytta dette sitatet som eit endeleg tal på kor mange eksemplar The Velvet Underground & Nico selde dei første åra. Sjølv om det uansett selde mindre enn Warhol og bandet hadde håpa, synte ein lønnsslipp frå MGM til Jeff Gold, ein tidlegare sjef i Warner Bros. Records, at albumet selde 58 476 eksemplar fram til februar 1969 - som var eit ok salstal seint i 1960-åra.[37][38][39]

Meldingar endre

Ei melding i Billboard før albumet kom ut, roste den «stemningsskapande» vokalen til Nico og dei «kraftfulle» tekstane til bandet, og kalla det ei samling med «sofistikert folkrock» og ei «plate inn frå venstre som kan kome til å slå stort gjennom.»[40] Vibrations, eit lite rockemagasin, gav albumet positiv omtale og skildra musikken som «eit fullverdig åtak på øyrene og hjernen» og skreiv at tekstane var mørke.[21] Wayne Harada i Honolulu Advertiser og Dave Donelly i Honolulu Star-Bulletin likte begge plateomslaget og førstnemnde kalla det «det villaste» plateomslaget han hadde sett til då, medan sistnemnde kalla det eit samtaleemne.[41][42] Harada skreiv: «På innsida er det bra òg: 'Sunday Morning' har heilt klart ein psykedelisk hit-stil. 'Run Run Run' er ein annan Underground-juvel som vinn terreng.»[41] Donelly kalla albumet «ikkje-kommersielt med stor 'K', men ei lydoppleving.»[42] Ein anonym skribent i American Record Guide likte tekstane til Reed og skreiv dei var «gjennomtrengande moderne», og samanlikna dei med Dylan, og kalla Reed «eit viktig nytt talent». Skribenten likte òg den varierte stilen som «Sunday Morning», «European Son» og «Heroin» representerte i lag med meir Dylan-aktige songar.[43]

Samstundes var Richard Goldstein i Village Voice, publisert i heimbyen til Velvet Underground, New York City, meir reservert. Goldstein meinte «There She Goes Again» «openbert» var basert på Rolling Stones-utgåva av «Hitch Hike» og kalla vokalen til Reed på andre songar «plagsamt likt tidleg Dylan». Likevel skreiv han til slutt at «The Velvets er ei viktig gruppe og dette albumet har nokre store verk», og peikte ut «I'm Waiting for the Man», «Venus in Furs», «Femme Fatale» og «Heroin».[44] Om sistnende songen skreiv Goldstein:

Han er meir komprimert, meir tilbakehalden enn konsertframføringane eg har sett. Men det er òg eit meir realisert verk. Tempoet svingar kraftig og bryt til slutt ut i ei rekkje fryktelege skrik, som dødsraslinga til ein kvelt fiolin. «Heroin» er sju minutta med genuni 12-tone rock and roll.[44]

Tampa Tribune-journalisten Vance Johnston avviste samlinga som «fleire forvirra lydar ... særs deprimerande og eg fekk ikkje tak i meldinga» men skreiv at fans av Warhol uansett vil erklære dette hans beste.[45] Don Lass i Asbury Park Evening Press frå New Jersey var òg avmålt og meinte musikken var «like livlaus som det skrelte bananskalet, og er inniom kvar klisjé i rock 'n' roll-spekteret medan det manglar den genuine moroa som andre kan tilby.»[46] Ein skribent i Pensacola News Journal meinte albumet totalt sett hadde ein «stor, vill stil», medan tekstane var «like vanvittige»: «Resultatet høyrest ut som ei blanding av Dracula og nokre av dagens langhåra songar.».[47] John F. Szwed i Jazz & Pop kalla framføringa til bandet på plata «keisam trass i at dei satsar på elektrisk bratsj» og erkjente styrken i den «høglydte sutringa», men at noko til sjuande og sist «går tapt i omsetjinga» i fråveret av det visuelle akkompagnementet til Exploding Plastic Inevitable.[48]

Nyare meldingar endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [53]
Blender     [57]
Chicago Tribune    [56]
Encyclopedia of Popular Music     [55]
Pitchfork10/10[54]
Q     [49]
Rolling Stone     [52]
The Rolling Stone Album Guide     [51]
Spin Alternative Record Guide10/10[50]
The Village VoiceA[29]

Eit tiår etter The Velvet Underground & Nico kom ut, byrja det å få mykje ros frå rockekritikarane. Christgau skreiv i meldinga si i 1977 i Village Voice at plata hadde vore vanskeleg å forstå i 1967, «som truleg er årsaka til at folk framleis lærer frå det. Det høyrest til å byrje med grovt, tynt og pretensiøst ut, men det sluttar aldri å bli betre.»[29] Han inkluderte det seinare i hans «Basic Record Library» for innspelinga frå 1950-åra og 1960-åra, publisert i Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981).[58]

I The Encyclopedia of Popular Music (1998) kalla Colin Larkin der ei «kraftfull samling» som «introduserte fascinasjonen Reed hadde for det urbane, gatekulturen og amoraliteten som grensa til voyeurisme.»[59] I april 2003 hadde Spin albumet øvst på dei 15 mest innverknadsrike albuma gjennom tidene.[60] 12. november 2000 inkluderte NPR albumet på lista si over dei 100 viktigaste musikalske verka i Amerika på 1900-talet.[61] I 2003 plasserte Rolling Stone albumet på 13. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene, ein plass det hadde på den reviderte lista i 2012.[62] Dei kalla det «det mest profetiske rockealbumet nokon gong».[63] På lista deira i 2020 vart albumet rangert på 23. plassen.[64]

I boka si The Alternative Music Almanac frå 1995 plasserte Alan Cross albumet på toppen av lista over ti klassiske alternative album.[65] I 1997 vart The Velvet Underground & Nico kåra til det 22. beste albumet gjennom tidene på «Music of the Millennium»-undersøkinga utført i Storbritannia av HMV Group, Channel 4, The Guardian og Classic FM.[66] I 2006 stemnde lesarane i Q albumet til 42. plassen på lista over dei 100 beste albuma gjennom tidene, medan The Observer plasserte det øvst på lista over 50 album som endra musikken i juli same året.[67] I 2006 vart albumet valt ut av magasinet Time som eit av dei hundre beste albuma gjennom tidene.[68] I 2017 plasserte Pitchfork albumet på toppen av lista si over dei 200 beste albuma frå 1960-åra.[69] Det vart plassert på 13. plassen i boka All Time Top 1000 Albums 3. utgåve (2000) av Colin Larkin.[70]

Coverversjonar endre

I april 1967, ein månad etter albumet kom ut, spelte eit band kalla The Electrical Banana det som truleg var den første coverversjonen av «There She Goes Again». I følgje bandmedlemmet Dean Ellis Kohler, spelte dei inn songen i eit telt i Vietnam i april 1967 og sende masterlydbandet til eit selskap i California for å få det trykt på plata.[71]

I 1967 gav det nederlandske bandet The Riats frå Haag ut ein singel med «Run, Run, Run» som A-sida og «Sunday Morning» som B-side. Nøyaktig når utgjevinga var er ukjend, så det det er diskusjonar om Electric Banana eller The Riats var første ute med ein Velvet Underground-cover.[72][73][74]

I 2009 spelte den amerikanske musikaren Beck inn albumet spor for spor og gav det ut på nettsida si som ein video, som ein del av eit prosjekt kalla Record Club. Musikarane Beck hadde med seg på innspelinga var Nigel Godrich, Joey Waronker, Brian LeBarton, Bram Inscore, Yo, Giovanni Ribisi, Chris Holmes og Þórunn Magnúsdóttir.[75]

Same året spelte ymse artistar frå Argentina inn heile albumet spor-for-spor. Dei spelte ei rekkje konsertar i Buenos Aires for å feire utgjevinga av albumet, og dette var tilgjengeleg på nettet.[76]

Etterverknad endre

Lou Reed var frustrert over at det tok eitt år før albumet kom ut og at det så selde dårleg, og forholdet hans til Andy Warhol vart dårlegare. Reed gav Warhol sparken som manager og henta inn Steve Sesnick i staden,[77] som overtydde gruppa å gå i ei meir kommersiell retning.[78] Nico vart tvungen ut av gruppa og byrja ein karriere som soloartist. Den første soloplata hennar, Chelsea Girl, kom ut i oktober 1967 med somme songar skrivne av Velvet Underground-medlemmar.[79]

Tom Wilson fortsette å arbeide med The Velvet Underground, og produserte albumet deira White Light/White Heat i 1968[80] og Nico sitt Chelsea Girl.[81]

Innhald endre

Alle songane skrivne av Lou Reed, utanom der andre er nemde.

Side 1
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sunday Morning»2:53
2.«I'm Waiting for the Man» 4:37
3.«Femme Fatale» 2:35
4.«Venus in Furs» 5:07
5.«Run Run Run» 4:18
6.«All Tomorrow's Parties» 5:55
Total lengd:25:25
Side 2
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Heroin» 7:05
2.«There She Goes Again» 2:30
3.«I'll Be Your Mirror» 2:01
4.«The Black Angel's Death Song»
  • Reed
  • Cale
3:10
5.«European Son»7:40
Total lengd:22:26 47:51

Medverkande endre

  • Lou Reed – solovokal (1, 2, 4, 5, 7, 8, 10, 11), korvokal (3), sologitar (1–5, 7–11), bandlaus gitar (6), lydeffektar (11)
  • John Cale – elektrisk bratsj (1, 4, 6, 7, 10), piano (1, 2, 3, 6), bassgitar (2, 3, 5, 8–11), korvokal (8), celesta (1), hissing (10), lydeffektar (11)
  • Sterling Morrison – rytmegitar (2, 5, 7, 8, 9), sologitar (3, 10, 11), bassgitar (1, 4, 6), korvokal (3, 5, 8)
  • Maureen Tucker – perkusjon (1, 7, 8, 10, 11), tamburin (2-4, 6, 10), trommer (2, 5), skarptromme (3), basstromme (4, 6)
  • Nico – solovokal (3, 6, 9), korvokal (1)

Produksjon

  • Andy Warhol – produsent
  • Tom Wilson – postproduksjon, produsent på «Sunday Morning»
  • Ami Hadami (oppført som Omi Haden) – T.T.G. Studios lydteknikar
  • Gary Kellgren – Mayfair Sound Studio lydteknikar (ikkje oppført)
  • Norman Dolph – Scepter Studios lydteknikar (ikkje oppført)
  • John Licata – Scepter Studios lydteknikar (ikkje oppført)
  • Gene Radice – miksar
  • David Greene – miksar

Nyutgjevingar endre

CD endre

Den første CD_utgåva av albumet kom ut i 1986 med nokre små endringar. Tittelen på albumet stod på coveret, i motsetnad til den originale LP-utgåva. I tillegg hadde albumet ein alternativ miks av «All Tomorrow's Parties» som bestod av solovokalen på enkelt spor i staden for det doble vokalsporet som er på originalplata. Bill Levenson, som hadde ansvaret for å få laga CD-plata ønskte å nytte denne versjonen som ei overrasking til fansen, men vart misnøgd då det vart trykt på plateomslaget at det var ein alternativ versjon.[82]

Den ommastra CD-utgåva som kom i 1996 fjerna desse endringane og brukte det originale plateomslaget og den originale utgåva av «All Tomorrow's Parties».

Peel Slowly and See-boksen endre

The Velvet Underground & Nico kom ut i sin heilskap i plateboksen Peel Slowly and See i 1995. Albumet var den andre plata i samlinga i lag med singelversjonen av «All Tomorrow's Parties», to Nico-spor frå Chelsea Girl og eit ti minutt langt utdrag av den 45 minuttar lange «Melody Laughter»-framføringa. For første gongen var òg loftdemoane til bandet frå Ludlow Street i 1965. Blant desse demoane er tidlege versjonar av «Venus in Furs», «Heroin», «I'm Waiting for the Man» og «All Tomorrow's Parties».

Luksusutgåva endre

I 2002 gav Universal ut ei dobbel luksusutgåve med stereoversjonen av albumet i lag med fem spor frå Nico sitt Chelsea Girl skriven av medlemmar frå bandet på plate ein, og ein monoversjon av albumet i lag med mono singelmiksar av «All Tomorrow's Parties» og «Sunday Morning» og dei tilhøyrande B-sidene «I'll Be Your Mirror» og «Femme Fatale» på plate to. Ein studiodemo av den ikkje tidlegare utgjevne «Miss Joanie Lee» var planlagt for samlinga, men usemje om honorara mellom bandet og Universal gjorde at det ikkje vart noko av. Denne usemja førte til at bandet ikkje gav ut fleire utgjevinga i den offisielle Bootleg-serien deira. Denne songen kom derimot med på 45-årsjubileumsutgåva av albumet.[83] I april 2010 gav Universal ut den andre plata av luksusutgåva som ein enkel CD kalla «Rarities Edition».

Ekstra spor på plate 1
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«Little Sister»John Cale, Lou Reed4:27
13.«Winter Song»Cale3:23
14.«It Was a Pleasure Then»Reed, Cale, Nico Päffgen8:09
15.«Chelsea Girls»Reed, Sterling Morrison7:29
16.«Wrap Your Troubles in Dreams»Reed5:09
Total lengd:28:37
Ekstraspor på plate 2
Nr.TittelLengd
12.«All Tomorrow's Parties» (Verve single VE 10427)2:53
13.«I'll Be Your Mirror» (Verve single VE 10427 B-side)2:18
14.«Sunday Morning» (Verve single VE 10466)3:00
15.«Femme Fatale» (Verve single VE 10466 B-side)2:38
Total lengd:10:49

45-årsjubileumsutgåva superluksusutgåve endre

Den 1. oktober 2012 gav Universal ut ein seks CD-plater stor plateboksversjon av albumet.[84] Det består av tidlegare tilgjengelege mono- og steremiksar på plate ein og plate to. Plate ein inneheld alternative versjonar av «All Tomorrow's Parties», «European Son», «Heroin», «All Tomorrow's Parties» (alternativ instrumentalversjon) og «I'll Be Your Mirror» som bonusspor. Plate to inneheld dei same bonusspora som den tidlegare luksusutgåva på plate to. Plate tre er Nico sitt Chelsea Girl i sin heilskap og Scepter Studios-acetatplata utgjer heile plate 4. Plate 5 og 6 inneheld konsertopptak frå 1966 som ikkje var gjevne ut før. I følgje eit essay av musikkritikaren og historikaren Richie Unterberger som følgde samlinga var kjelda for denne konserten det einaste lydbandet av akseptabel kvalitet i tida då Nico var medlem av bandet. Essayet forklarer òg at det ikkje var noko DVD-ar i samlinga fordi det rett og slett ikkje fanst filmopptak frå denne tida.[85]

Plate 5: Live at Valleydale Ballroom, Columbus, Ohio, 4. november 1966 (Part 1)
Nr.TittelLengd
1.«Melody Laughter» (Instrumental jam)28:26
2.«Femme Fatale»2:37
3.«Venus in Furs»4:45
4.«The Black Angel's Death Song»4:45
5.«All Tomorrow's Parties»5:03
Total lengd:45:36
Plate 6: Live at Valleydale Ballroom, Columbus, Ohio, 4. november 1966 (Part 2)
Nr.TittelLengd
1.«I'm Waiting for the Man»4:50
2.«Heroin»6:42
3.«Run Run Run»8:43
4.«The Nothing Song» (Instrumental jam)27:56
Total lengd:48:11

Scepter Studios acetatversjon endre

Norman Dolph sin originale acetat-innspeling frå Scepter Studios inneheld fleire innspelingar som kom med på det endelege albumet, sjølv om mange er i alternative miksar og tre av dei heilt andre opptak. Acetaten vart spelt inn 25. april 1966, kort tid etter innspelinga. Han dukka opp fleire tiår seinare då han vart kjøpt av samlaren Warren Hill i Montreal i Canada i september 2002 på ein loppemarknad i Chelsea i New York City for 75 cent.[86] Hill la albumet ut på ein auksjon på eBay i november. 8. desember 2006 vart vinnarbodet på 155 401 dollar, men det vart ikkje betalt.[87] Albumet vart lagt ut på auksjon på eBay igjen og denne gongen vart det selt den 16. desember 2006 for 25 200 dollar.[88][89]

Sjølv om det vart spelt inn ti songar under Scepter-innspelingane,[8] er det berre ni på acetat-plata. Dolph hugsa at «There She Goes Again» var songen som mangla[90] (og versjonen av «There She Goes Again» som finst på den endelege plata er oppført som innspelt i Scepter Studios). I 2012 vart acetaten offisielt gjeve ut som plate 4 av 45-årsjubileumsutgåva av albumet. Plata inneheld seks tidlegare ikkje-utgjevne bonusspor, spelt inn under øvingane til bandet i The Factory den 3. januar 1966. Ein rippa versjon av acetaten byrja å sirkulere på Internett i januar 2007.[91][92] Piratkopiar av acetatspora har òg vore på vinyl- og CD-plater.[93] Acetaten vart gjeven ut på vinyl i 2013 i ei avgrensa utgåve i høve Record Store Day. I 2014 vart plata igjen lagt ut på auksjon.[89]

Plateboks, plate 4

  1. «European Son» (Alternate version) – 9:02
  2. «The Black Angel's Death Song» (Alternate mix) – 3:16
  3. «All Tomorrow's Parties» (Alternate version) – 5:53
  4. «I'll Be Your Mirror» (Alternate mix) – 2:11
  5. «Heroin» (Alternate version) – 6:16
  6. «Femme Fatale» (Alternate mix) – 2:36
  7. «Venus in Furs» (Alternate version) – 4:29
  8. «I'm Waiting for the Man» (Alternate version, here titled «Waiting for the Man») – 4:10
  9. «Run Run Run» (Alternate mix) – 4:23
  10. «Walk Alone» – 3:27
  11. «Crackin' Up/Venus in Furs» – 3:52
  12. «Miss Joanie Lee» – 11:49
  13. «Heroin» – 6:14
  14. «There She Goes Again» (with Nico) – 2:09
  15. «There She Goes Again» – 2:56

Merknader

  • Spor 1–9 er den originale Scepter Studios-acetaten. Spor 1, 2, 3 og 5 er henta frå bandet, spor 4, 6, 7, 8 og 9 er frå sjølve acetatplata.
  • Spor 10–15 er frå øvingar 3. januar 1966 i Factory, òg henta frå lydband og ikkje før gjevne ut.

Salslister og salstrofé endre

Listeplasseringar

Liste (1967–2014) Plassering
Italia (FIMI)[94] 84
UK Albums (OCC)[95] 43
US Billboard 200[96] 129

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
Italia (FIMI)[97] Platina 100 000*
Storbritannia (BPI)[98] Platina 300 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

I følgje Nielsen SoundScan, som sporar platesal, har The Velvet Underground & Nico selt 560 000 eksemplar sidan 1991.[99]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Classic Albums: The Velvet Underground – The Velvet Underground & Nico». Clash Music. 11. desember 2009. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 21. mars 2022. 
  2. Richman, Simmy. «The Velvet Underground: The velvet revolution rocks on». The Independent. Arkivert frå originalen 13. februar 2017. Henta 22. mars 2022. 
  3. 3,0 3,1 Sources discussing the quote: The quote referenced:
    • McKenna, Kristine (October 1982). «Eno: Voyages in Time & Perception». Musician. Arkivert frå originalen August 5, 2012. Henta November 8, 2012. «I was talking to Lou Reed the other day and he said that the first Velvet Underground record sold 30,000 copies in the first five years. The sales have picked up in the past few years, but I mean, that record was such an important record for so many people. I think everyone who bought one of those 30,000 copies started a band!» 
  4. «Rolling Stone's 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone (937). 11. desember 2003. Arkivert frå originalen 4. januar 2009. Henta 22. mars 2022. 
  5. 6. mars 2007 – Recordings by Historical Figures and Musical Legends Added to the 2006 National Recording Registry Arkivert 29. oktober 2013 ved Wayback Machine., News from the Library of Congress, 2006 National Recording Registry – The Library Today (Library of Congress).
  6. 6,0 6,1 Wilcox, Tyler (13. mars 2017). «The Unlikely Making of The Velvet Underground & Nico». The Pitch. Pitchfork. Arkivert frå originalen 19. august 2017. Henta 22. mars 2022. 
  7. «The Velvet Underground Bio». Rolling Stone. 22. mars 2022. Arkivert frå originalen 222. mars 2022. 
  8. 8,00 8,01 8,02 8,03 8,04 8,05 8,06 8,07 8,08 8,09 8,10 Harvard 2004.
  9. Irvin & McLear 2007, s. 80
  10. Browne, David (4. november 2015). «Remembering Bob Dylan and Velvet Underground's Pioneering Produsent». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 19. august 2017. Henta 22. mars 2022. 
  11. 11,0 11,1 Bockris 1994, s. 106, 135
  12. 12,0 12,1 Graves, Wren (10. mars 2017). «The Velvet Underground: How Andy Warhol Was Fired by His Own Art Project». Dusting 'Em Off. Consequence of Sound. Arkivert frå originalen 8. april 2017. Henta 22. mars 2022. 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 13,5 Bockris & Malanga 1996
  14. Fricke, David (4. mai 1989). «Lou Reed: The Rolling Stone Interview». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 21. mars 2022. Henta 21. mars 2022. 
  15. «An Interview with Sterling Morrison», Fusion, 6. mars 1970. Reproduced in Heylin 2009
  16. Flanagan, Bill (April 1989). «White Light White Heat: Lou Reed and John Cale remember Andy Warhol». Musikar Magazine. 
  17. «The Velvet Underground, 'I'm Waiting for the Man'». Rolling Stone. 7. april 2011. Arkivert frå originalen 22. mars 2022. Henta 21. mars 2022. 
  18. Sounes 2015, s. 40–41
  19. Sounes 2015, s. 41–43
  20. «Heroin - The Velvet Underground | Song Info». AllMusic. All Media Network. Arkivert frå originalen 19. august 2017. Henta 22. mars 2022. 
  21. 21,0 21,1 21,2 21,3 Heylin 2009
  22. Fricke, David (1995). Peel Slowly and See (Box set). The Velvet Underground and Nico. Polydor. 
  23. DeRogatis, Jim (14. februar 2003a). «Gettin' Your Groove On». Chicago Sun-Times. s. 26. Arkivert frå originalen 6. oktober 2014. Henta 1. august 2013. «... this enduring art-rock masterpiece ...» 
  24. Amorisi, A.D. (15. mai 2018). «ESSENTIAL NEW MUSIC: THE VELVET UNDERGROUND'S «THE VELVET UNDERGROUND»». Magnet. Arkivert frå originalen 21. mars 2022. Henta 21. mars 2022. 
  25. Goodman, William (16. august 2011). «Listen: Feist & Friends Cover Velvet Underground». Spin. Arkivert frå originalen 29. oktober 2013. Henta 6. oktober 2013. 
  26. DeRogatis 2003, s. 79
  27. Hermes, Will (8. desember 2015). «The Complete Matrix Tapes». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 26. oktober 2020. Henta 21. mars 2022. 
  28. Pinnock, Tom (28. september 2012). «John Cale on The Velvet Underground & Nico». Uncut. Arkivert frå originalen 14. august 2017. Henta 22. mars 2022. 
  29. 29,0 29,1 29,2 Christgau, Robert (20. desember 1976). «Christgau's Consumer Guide to 1967». The Village Voice (New York). s. 69. Arkivert frå originalen 22. februar 2017. Henta 22. juni 2013. 
  30. Ulf Lindberg et al. Rock Criticism from the Beginning: Amusers, Bruisers, and Cool-headed Cruisers. Peter Lang, 2005. p. 115. ISBN 9780820474908
  31. «Copyright Portion of Velvet Underground Banana Lawsuit Dismissed, Trademark Part Goes Forward». Pitchfork. Arkivert frå originalen 3. februar 2016. Henta 10. januar 2016. 
  32. 32,0 32,1 Runtagh, Jordan (12. mars 2017). «'The Velvet Underground and Nico': 10 Things You Didn't Know». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 19. august 2017. Henta 22. mars 2022. 
  33. Perpetua, Matthew (11. januar 2012). «Velvet Underground Sue Andy Warhol Foundation For Copyright Infringement». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 19. august 2017. Henta 22. mars 2022. 
  34. «Opinion & Order». Velvet Underground v. Andy Warhol Found. for the Visual Arts, Inc., 12 Civ. 00201 (AJN) (S.D.N.Y. Sept. 7, 2012). Arkivert frå originalen 8. april 2013. Henta 7. september 2012. 
  35. Mervis, Scott (30. mai 2013). «Andy Warhol Foundation, Velvet Underground settle lawsuit over iconic banana». Pittsburgh Post-Gazette. Arkivert frå originalen 5. juni 2013. Henta 30. mai 2013. 
  36. Unterberger, Richie. «The Velvet Underground». AllMusic. Arkivert frå originalen 18. mars 2017. 
  37. Unterberger 2009, s. 138.
  38. Baker, R. C. (22. august 2017). «Addicted to Lou». The Village Voice. Arkivert frå originalen 22. august 2017. 
  39. Lipez, Zachary (19. november 2014). «Doug Yule Gives Rare Interview About the Velvet Underground's Third, Self-Titled Album, Shares Alternate Version of 'Foggy Notion'». Noisey. Vice Media. Arkivert frå originalen 8. november 2020. 
  40. «Platemeldingar». Billboard 79 (9): 8, 40, 43. 4. mars 1967. Arkivert frå originalen 17. august 2021. Henta 17. august 2021. 
  41. 41,0 41,1 Harada, Wayne (1. mars 1967). «On the Record». The Honolulu Advertiser: B5. Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 22. mars 2022 – via Newspapers.com. 
  42. 42,0 42,1 Donelly, Dave (4. mars 1967). «The Teen Beat». Honolulu Star-Bulletin: B14. Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 22. mars 2022 – via Newspapers.com. 
  43. Staff writer (May 1967). «The Velvet Underground & Nico». American Record Guide 33 (2): 893. Arkivert frå originalen 1. mars 2018 – via Google Books. 
  44. 44,0 44,1 Goldstein, Richard (28. oktober 2013) [13. april 1967]. «The Velvet Underground & Nico». The Village Voice. Arkivert frå originalen 6. januar 2022. Henta 22. mars 2022. 
  45. Johnston, Vance (5. mars 1967). «Connie Francis Swings at Vegas». The Tampa Tribune: 33. Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 22. mars 2022 – via Newspapers.com. 
  46. Lass, Don (18. mars 1967). «Singing the Blues». Asbury Park Evening Press: B14. Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 22. mars 2022 – via Newspapers.com. 
  47. Staff writer (19. mars 1967). «Music Calendar». Pensacola News Journal: 4D. Arkivert frå originalen 28. april 2022. Henta 22. mars 2022 – via Newspapers.com. 
  48. Szwed, John F. (June 1967). «The Velvet Underground and Nico». Jazz & Pop (Jazz Press): 23. Arkivert frå originalen 1. mars 2018 – via Google Books. 
  49. «The Velvet Underground: The Velvet Underground & Nico». Q (London) (118): 150. July 1996. 
  50. Weisbard, Eric (1995). «Velvet Underground». I Weisbard, Eric; Marks, Craig. Spin Alternative Record Guide. Vintage Books. s. 425–427. ISBN 0-679-75574-8. 
  51. Sheffield, Rob (2004). «The Velvet Underground». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 847–848. ISBN 0-7432-0169-8. Arkivert frå originalen 10. juni 2021. Henta 22. november 2011. 
  52. Fricke, David (14. mars 1985). «The Velvet Underground: The Velvet Underground & Nico / White Light/White Heat / The Velvet Underground / V.U.». Rolling Stone (New York). Arkivert frå originalen 7. september 2001. Henta 4. mars 2018. 
  53. Deming, Mark. «The Velvet Underground & Nico – The Velvet Underground». AllMusic. Henta 31. oktober 2004. 
  54. Raymer, Miles (20. november 2012). «The Velvet Underground: The Velvet Underground & Nico». Pitchfork. Arkivert frå originalen 2. juni 2015. Henta 5. juni 2015. 
  55. Larkin, Colin (2011). «Velvet Underground». The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0-85712-595-8. 
  56. Kot, Greg (12. januar 1992). «Lou Reed's Recordings: 25 Years Of Path-Breaking Music». Chicago Tribune. Arkivert frå originalen 24. februar 2021. Henta 11. november 2020. 
  57. Black, Johnny. «The Velvet Underground: The Velvet Underground & Nico». Blender (New York). Arkivert frå originalen 13. august 2004. Henta 4. mars 2018. 
  58. Christgau, Robert (1981). «A Basic Record Library: The Fifties and Sixties». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 0899190251. Arkivert frå originalen 12. mars 2019. Henta 16. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  59. Larkin 1998.
  60. Klosterman, Chuck; Milner, Greg; Pappademas, Alex (April 2003). «Top Fifteen Most Influential Albums of All Time (... not recorded by the Beatles, Bob Dylan, Elvis and the Rolling Stones)». Spin 19 (4): 84. Arkivert frå originalen 27. juni 2014. Henta 27. november 2011. 
  61. «NPR 100». National Public Radio. Arkivert frå originalen 24. desember 2009. Henta 1. februar 2010. 
  62. «500 Greatest Albums of All Time Rolling Stone's definitive list of the 500 greatest albums of all time». Rolling Stone. 2012. Arkivert frå originalen 29. oktober 2020. Henta 23. september 2019. 
  63. «13) The Velvet Underground». Rolling Stone. 18. desember 2008. Arkivert frå originalen 18. desember 2008. Henta 22. mars 2022. 
  64. Rolling Stone (22. september 2020). «The 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. Henta 22. mars 2022. 
  65. Cross, Alan (1995). The alternative music almanac (1st utg.). Burlington, Ont.: Collector's Guide Pub. ISBN 1896522149. OCLC 34377480. 
  66. «The music of the millennium». 24. januar 1998. Arkivert frå originalen 17. juni 2012. Henta 22. mars 2022. 
  67. «The 50 albums that changed music». The Observer. 15. juli 2006. Arkivert frå originalen 26. september 2006. Henta 22. mars 2022. 
  68. Tyrangiel, Josh (2. november 2006). «The Velvet Underground and Nico – The ALL-TIME 100 Albums». Time. Arkivert frå originalen 1. mars 2014. Henta 16. mai 2007. 
  69. «The 200 Best Albums of the 1960-åra». Pitchfork. 22. august 2017. Arkivert frå originalen 22. mars 2022. Henta 22. mars 2022. 
  70. Colin Larkin, red. (2000). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). Virgin Books. s. 40. ISBN 0-7535-0493-6. 
  71. Kohler, Dean Ellis; VanHecke, Susan (2009). Rock 'n' Roll Soldier: A Memoir. New York: HarperCollins. ISBN 978-0-06-124255-7. 
  72. «The Riats». www.muziekencyclopedie.nl. Arkivert frå originalen 10. juni 2021. Henta 22. mars 2022. 
  73. «45Cat». www.45cat.com. Arkivert frå originalen 10. juni 2021. Henta 22. mars 2022. 
  74. «check_out_these_rare_1967_velvet_underground_covers». dangerousminds.net. 12. juni 2014. Arkivert frå originalen 12. november 2020. Henta 22. mars 2022. 
  75. Jurgensen, John (20. august 2009). «Beck Remakes the Classics». The Wall Street Journal. Arkivert frå originalen 24. august 2009. Henta 22. mars 2022. 
  76. Argentina Artists Cover Velvet Underground & Nico Arkivert 15. august 2010 ved Wayback Machine. at Sounds and Colours
  77. Bockris & Malanga 1996, s. 69
  78. Hogan 1997, s. 50
  79. Planer, Lindsay. «Chelsea Girl – Nico». AllMusic. Arkivert frå originalen 21. mars 2017. Henta 22. mars 2022. 
  80. Fricke, David (November 2013). «Overloaded: The Story of White Light/White Heat». Mojo. Arkivert frå originalen 3. februar 2017. Henta 22. mars 2022. 
  81. Schinder 2007, s. 316–317
  82. The Velvet Underground CDs Arkivert 2. desember 2010 ved Wayback Machine. at The Velvet Underground Web Page
  83. Hann, Michael (26. juli 2012). «The Velvet Underground's first album gets deluxe reissue». The Guardian. Arkivert frå originalen 22. mars 2022. Henta 22. mars 2022. 
  84. «'The Velvet Underground & Nico' to receive six disc 45th anniversary re-release». Uncut. 25. juli 2012. Arkivert frå originalen 3. desember 2013. Henta 21. mars 2022. 
  85. Unterberger, Richie (2012). The Velvet Underground & Nico (booklet). The Velvet Underground and Nico. Universal. 
  86. «Insanely Rare Velvet Underground LP on eBay for $19K». Pitchfork. 6. mai 2007. Arkivert frå originalen 6. mai 2007. Henta 22. mars 2022. 
  87. Adams, James (11. desember 2006). «Rare acetate still seeks buyer». The Globe and Mail. Arkivert frå originalen 14. desember 2006. Henta 22. mars 2022. 
  88. «Second auction, ended 16. desember 2006» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 3. mars 2016. Henta 22. mars 2022. 
  89. 89,0 89,1 «Extremely Rare Velvet Underground Acetate Once Sold for $25,200 Is Going Back to Auction». Pitchfork. 22. mai 2014. Arkivert frå originalen 19. august 2017. Henta 22. mars 2022. 
  90. The Velvet Underground – Studio and home recordings Arkivert 7. februar 2009 ved Wayback Machine. at The Velvet Underground Web Page
  91. «Velvet Underground & Nico – April 1966 (Norman Dolph Acetate)». FM SHADES. 2. januar 2007. Arkivert frå originalen 12. mars 2007. Henta 22. mars 2022. 
  92. «Velvet Underground Acetate MP3s - WFMU's Beware of the Blog». blog.wfmu.org. Arkivert frå originalen 19. august 2017. Henta 22. mars 2022. 
  93. The Velvet Underground – Bootleg LP's Arkivert 25. mars 2011 ved Wayback Machine. at The Velvet Underground Web Page
  94. «Archivio – Album – Classifica settimanale WK 50 (dal 09-12-2013 al 15-12-2013)» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Arkivert frå originalen 19. desember 2013. Henta 4. juli 2014. 
  95. «Velvet Underground – Artist». Official Charts Company. Arkivert frå originalen 9. juli 2014. Henta 4. juli 2014. 
  96. "The Velvet Underground Album & Song Chart History" Billboard 200 for The Velvet Underground. Prometheus Global Media.
  97. «Italian album salstrofé – Velvet Underground – Velvet Underground: Velvet Underground & Nico» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Velvet Underground in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  98. «British album salstrofé – The Velvet Underground – The Velvet Underground & Nico». British Phonographic Industry.  Enter The Velvet Underground & Nico in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  99. «Lou Reed RIP: What If Everyone Who Bought The First Velvet Underground Album Did Start A Band?». Billboard. Arkivert frå originalen 19. januar 2017. Henta 22. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff endre