Lough Foyle

Lough Foyle (Loch Feabhailirsk) er ein fjord nord på Irland. Han er òg namnet på elvemunningen til Foyle. Han startar der Foyle renn ut av Derry. Fjorden skil halvøya Inishowen frå Nord-Irland.

Plasseringa til Lough Foyle
Skip på veg mot Greencastle i Lough Foyle

Det finst eit uttrykk som seier at når ein er på ein båt i Lough Foyle, så er ein på den einaste staden i verda der nord er sør og sør er nord. Republikken Irland og Donegal, som ligg nord for Lough Foyle, vert kalla «The South» i Nord-Irland, medan Nord Irland, som ligg sør for Lough Foyle, vert kalla «The North».

KjeldeEndra