Derry, eller Londonderry, på irsk Doire, er ein by vest i Nord-Irland. Han har kring 85 000 innbyggjarar (2008) og ligg i grevskapet County Derry, eit av dei seks, tradisjonelle grevskapa i Ulster. Byen er den nest største i Nord-Irland og den fjerde største på den irske øya.

Derry
Londonderry / Derry

irsk

skotsk
Doire / Doire Cholmcille
Derrie / Lunnonderrie
Kallenamn
«Maiden City»
Motto
«Vita Veritas Victoria»
(Liv, sanning, siger)
Plassering
Derry is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Nord-Irland
Region County Londonderry
Distrikt Derry City
Grunnlagd 500-talet
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2008)
 - Byområde
 - Storbyområde

85 016
93 512
237 000
Koordinatar 55°0′N 7°18′W / 55.000°N 7.300°W / 55.000; -7.300
Diverse annan informasjon
Postnummer BT47, BT48
Telefon-retningsnummer 028
Nettstad: www.derrycity.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Derry

Offisielt namn på staden er Londonderry, men nokre av folket i byen sjølv kallar han berre Derry. Det folkevalde styret for Derry-distriktet har republikansk fleirtal og har offisielt omdøypt organet til Derry City Council. Gamlebyen ligg på vestsida av elva Foyle, men byen strekkjer seg no over begge breiddene, og er samanbunden av to bruer. Derry-distriktet omfattar òg landsbygda søraust for byen.

Frå historia til byen kan nemnast Den blodige sundagen, 30. januar 1972.

Derry blir ofte nemnd i irske songar. Den irske folkemusikkgruppa The Dubliners syng om byen og tilhøva der i ein namngjeten song med tekst av Phil Coulter, kalla The Town I Loved So Well.

Historie endre

Byen er kanskje den eldste busetjinga på Irland. Den eldste referansen til byen er frå det sjette hundreåret, då eit kloster var grunnlagt her av Columba av Iona, ein irsk helgenen, men det har budd folk i området i tusenvis av år.

Londonderry vart strategisk viktig for det britiske riket då Tudorane erobra Irland, og vart angripe jamleg av irske opprørarar, heilt til 1608 då byen vart øydelagt av Cahir o'Doherty, ein irsk høvding av Inishowen.

Byen vart så bygd opp att i 1613, som den første planlagde i Irland og hadde som ein av dei første byane som brukte ruteplanbygging, ein stil som seinare vart kopiert av kolonibyane i Amerika. Sjølve bymurane stod ferdig fem år seinare i 1618

Namn endre

 
Det offisielle namnet «Londonderry» er ikkje så populært hjå alle i Derry.

Namnet er gjenstand for konflikt mellom republikanarar og lojalistar. Lojalistane insisterer på å bruke Londonderry, sjølv om dei ofte nyttar Derry i daglegtalen. Folkesetnaden i Irland, og dessutan nordirske nasjonalistar, brukar konsekvent namnet «Derry». Distriktet Derry skifta offisielt namn frå Londonderry i 1984. I januar 2007 avgjorde høgsterett at namnet Londonderry frå 1662 framleis var det offisielle namnet til byen. Nokre har freista å omgå problemet ved å kalle byen for L'derry; dette har aldri fått gjennomslag, sidan L-ein er ein openberr referanse til London.

Den første skikkelege bydanninga i området kom på 16 -1700-talet då primært skotske protestantar busette seg der. Oppbygginga av den nye byen vart støtta av laug i London og difor vart byen døypt Londonderry.

I was born in Londonderry
I was born in Derry City too

«Sunrise» av Divine Comedy
 

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Derry
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Derry