Louis Kahn

amerikansk arkitekt

Louis Isadore Kahn (fødd 20. februarjul./ 5. mars 1901greg. som Itze-Leib Schmuilowsky, d. 17. mars 1974 ) var ein amerikansk arkitekt med estisk og jødisk opphav.

Louis Kahn

Statsborgarskap USA, Det russiske imperiet, USA, Estland
Fødd 20. februar 1901
Kuressaare
Død

17. mars 1974 (73 år)
Pennsylvania Station, New York by

Yrke arkitekt, universitetslærar, kunstmålar, designar, lærar, filosof
Språk engelsk
Medlem av American Academy of Arts and Letters, American Academy of Arts and Sciences
Louis Kahn på Commons
Interiør i Phillips Exeter Academy Library i Exeter i New Hampshire (1965)

Familien til Kahn emigrerte til USA i 1905. Han tok utdanninga si ved University of Pennsylvania. Frå 1920 til 1930 arbeidde Kahn som teiknar og var deretter sjefsdesignar ved fleire arkitektkontor i Philadelphia. Fram til 1948 samarbeidde han med ei rekkje arkitektar, og deretter verka han i eige namn.

Kahn er nært tilknytt modernismen, men verka hans skil seg ut frå det meste av annan arkitektur i samtida hans gjennom den klassiske monumentaliteten og den platonske geometrien. Gjennom å kombinere dei moderne konstruksjonane i samtida si, i framfor alt teglstein og betong, med klassisk geometri, fekk byggverka til Kahn både eit samla inntrykk med det massive murverket, men samtidig også eit lett inntrykk.

I 2004 kom det ein dokumentar om Louis Kahn, My Architect – A Son’s Journey, som var laga av sonen Nathaniel Kahn.

Galleri endre

Kjelder endre