Louise Elisabeth Glück (/ɡlɪk/; 22. april 194313. oktober 2023)[1] var ein amerikansk poet og essayforfattar. I 2020 mottok ho Nobelprisen i litteratur, «för hennes omisskännliga poetiska röst, som med sträng skönhet gör den enskilda människans existens universell».[2] Ho mottok også fleire andre store litteraturprisar, inkludert Pulitzerprisen og National Book Award.

Louise Glück

Louise Glück, rundt 1977.
Statsborgarskap USA
Fødd 22. april 1943
New York by
Død

13. oktober 2023 (80 år)
Cambridge i Massachusetts

Yrke skribent, lyrikar, essayist
Medlem av American Academy of Arts and Letters, American Academy of Arts and Sciences
Religion Jødedommen
Ektefelle John Dranow
Born Noah Dranow
Prisar Nobelprisen i litteratur 2020, National Book Award 2014
Louise Glück på Commons

Glück vart fødd i New York by. I tillegg til karriera som forfattar arbeidde ho i akademia som poesilærar ved fleire institusjonar. Glück var også lærar og «Rosenkranz Writer in Residence» ved Yale University[3], og busett i Cambridge i Massachusetts.

Diktsamlinga «Averno» frå 2006 vart i 2017 omsett til norsk av Per Petterson.[4]

Utgivingar

endre

Diktsamlingar

endre
  • Firstborn (The New American Library, 1968)
  • The House on Marshland (The Ecco Press, 1975)
  • Descending Figure (The Ecco Press, 1980)
  • The Triumph of Achilles (The Ecco Press, 1985)
  • Ararat (The Ecco Press, 1990)
  • The Wild Iris (The Ecco Press, 1992)
  • The First Four Books of Poems (The Ecco Press, 1995)
  • Meadowlands (The Ecco Press, 1996)
  • Vita Nova (The Ecco Press, 1999)
  • The Seven Ages (The Ecco Press, 2001)
  • Averno (Farrar, Strauss and Giroux, 2006) Norsk oversettelse 2017, gjendiktet av Per Petterson (Oktober forlag)
  • A Village Life (Farrar, Strauss and Giroux, 2009)
  • Poems: 1962-2012 (Farrar, Strauss and Giroux, 2012)
  • Faithful and Virtuous Night (Farrar, Strauss and Giroux, 2014)

Andre utgivingar

endre
  • The Garden (Antaeus Editions, 1976)
  • October (Sarabande Books, 2004)
  • Proofs and Theories: Essays on Poetry (The Ecco Press, 1994)
  • American Originality: Essays on Poetry (Farrar, Strauss and Giroux, 2017)

Kjelder

endre
  1. Hillel Italie. «Louise Glück, Nobel-winning poet of terse and candid lyricism, dies at 80» (på engelsk). The Associated Press. Henta 13. oktober 2023. 
  2. Radio, Sveriges, «Årets Nobelpris i litteratur till Louise Glück - P4 Kristianstad», sverigesradio.se (på svensk), henta 8. oktober 2020 
  3. «Louise Glück | English», english.yale.edu (på engelsk), henta 8. oktober 2020 
  4. Averno. Oktober forlag. 2017. ISBN 9788249519071. 

Bakgrunnsstoff

endre