Per Petterson
norsk skribent
Per Petterson (fødd 18. juli 1952 på Veitvet)[1] er ein norsk forfattar.
Per Petterson | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. juli 1952 (72 år) i Oslo |
Yrke | Forfattar |
Periode | 1987- |
Prisar | Nordisk råds litteraturpris 2009 |
Debut | Aske i munnen, sand i skoa |
Per Petterson på Commons |
Per Petterson er utdanna bibliotekar og arbeidde i fleire år i Tronsmo bokhandel i Oslo. Forfattardebuten kom i 1987 med novellesamlinga Aske i munnen, sand i skoa, som vart vel motteken av kritikarane, det har også dei seinare bøkene vorte, og dei har òg funne mange lesarar. Det verkeleg store gjennombrotet kom likevel først med romanen «Ut og stjæle hester» frå 2003, ein roman om forholdet mellom far og son, og om svik.
Bøkene hans er omsette til mellom anna dansk, svensk, engelsk, nederlandsk, tysk og litauisk. Han bur på Hemnes i Høland.
Bøker
endre- 1987 – Aske i munnen, sand i skoa, novellesamling
- 1989 – Ekkoland, roman
- 1992 – Det er greit for meg, roman
- 1996 – Til Sibir, roman
- 2000 – I kjølvannet, roman
- 2003 – Ut og stjæle hester, roman
- 2004 – Månen over porten, essaysamling
- 2008 – Jeg forbanner tidens elv, roman
- 2012 – Jeg nekter– roman
- 2018 – Menn i min situasjon – roman
- 2021 – Mitt Abruzzo. Journal 21.1-18.7.2021
Omsetting
endre- 1987 John Fante: 1933 var et dårlig år, roman (Tronsmobok Forlag, Oslo)
Prisar og utmerkingar
endre- 1988 Sarpsborgprisen
- 1993 Nota Bene Bokpris
- 1993 Språklig samlings litteraturpris
- 1996 Oktober-prisen
- 1997 Nominert til Nordisk råds litteraturpris for Til Sibir
- 2000 Brageprisen for I kjølvannet
- 2003 Bokhandlerprisen for Ut og stjæle hester
- 2003 Årets bok - Klassekampens litteraturpris for Ut og stjæle hester
- 2003 Kritikarprisen for Ut og stjæle hester
- 2008 Kritikarprisen for Jeg forbanner tidens elv
- 2008 Brageprisen for Jeg forbanner tidens elv
- 2009 Nordisk råds litteraturpris for Jeg forbanner tidens elv
- 2012 Bokhandlerprisen for Jeg nekter[2]
- 2012 Gyldendalprisen[3]
- 2016 Aschehougprisen[4]
- 2016 Doblougprisen[5]
Referansar
endre- ↑ ««Per Petterson (18.07.1952)»». forfatterkatalogen.no. Henta 14. februar 2013.
- ↑ ««Bokhandlerprisen til Per Petterson»». Nettstaden til Bokhandlerforeningen. Henta 18. februar 2013.
- ↑ ««Gyldendalprisen 2012 til Per Petterson»». Nettstaden til Gyldendal Norsk Forlag. Henta 21. mars 2013.
- ↑ «Aschehougprisen / Tidligere vinnere av Aschehougprisen». Aschehoug. Henta 5. september 2017.
- ↑ «Doblougska priset» (på svensk). Svenska Akademien. 24. mai 2016. Henta 6. september 2017.
Bakgrunnsstoff
endre- Bøker av Per Petterson digitalisert hjå Nasjonalbiblioteket
- Presentasjon av Per Petterson på nettstaden til Forlaget Oktober
- Utgjevingar av Per Petterson i BIBSYS[daud lenkje]