Loukas Sideras (fødd 5. desember 1944 i Aten) er ein gresk trommeslagar, mest kjend som tidlegare trommeslagar i det greske progrockbandet Aphrodite's Child.[1]

Loukas Sideras

Fødd5. desember 1944 (79 år)
FødestadAten
OpphavHellas
Instrumenttrommesett
Verka sommusikar

Biografi endre

Han starta å spele trommer då han var 13 år gammal, og i ein alder av 15 år spelte han i fleire band i Aten. Seinare møtte han Vangelis og Demis Roussos, og dei danna i lag Aphrodite's Child. I 1967 fekk dei kontrakt med Mercury Records i Frankrike og dei gav ut tre album: End of the world (med songen «Rain and Tears»), It's Five O'Clock og 666, og dei selde i alt over 20 millionar album verda over.

Etter Aphrodite's Child gav seg i 1972, byrja Siedra å skrive musikk for det første soloalbumet sitt, One Day for Polydor-France. Det selde 28 000 eksemplar. I 1974 gav han ut eit anna album, Pax Spray, som selde 45 000 eksemplar.

Sideras var òg ein aktiv produsent. I 1975 produserte han albumet Alba for Riccardo Cocciante som nådde toppen av albumlista i Italia. I 1979 produserte han albumet Love's Fool for Sigma Fay, som selde 75 000 copies. I 1981 produserte han albumet Dead Line for Sigma Fay, som selde 52 000 eksemplar. I 1984 produserte han singelen «You're the Drug in My Life» for Sigma Fay, som selde 34 000 singlar.

In 1977 starta Sideras gruppa Ypsilon med Lakis Vlavianos og Dimitris Katakouzinos. Dei gav ut albumet Morning Sunrise, som selde 75 000 og følgde opp med Alien Child i 1984, som selde 60 000 eksemplar.

I 1987 starta han bluesrockbandet Diesel med Sigma Fay og Yanis Drolapas. Bandet var i lag i ti år og gav i 1995 ut albumet Diesel.

I 2005 danna han bluesrockbandet Los-Tres med Simos Kokavesis og Bary Zealy. Sideras gav i 2008 ut soloalbumet Stay With Me.

Kjelder endre

  1. Bogdanov, Vladimir (2001), All music guide to electronica: the definitive guide to elektronisk musikk (4 utg.), Backbeat Books, ISBN 978-0-87930-628-1