Aphrodite's Child

Aphrodite's Child var eit gresk progrockband danna i 1967 av Vangelis Papathanassiou (klaverinstrument), Demis Roussos (bassgitar og vokal), Loukas Sideras (trommer og vokal) og Anargyros «Silver» Koulouris (gitar).[1]

Aphrodite's Child
OpphavHellas
Aktiv1967–1972
SjangerProgressiv rock, psykedelisk rock
Tilknytte artistarIrene Papas
PlateselskapMercury, Vertigo
Tidlegare medlemmerVangelis Papathanassiou
Demis Roussos
Loukas Sideras
Anargyros «Silver» Koulouris

Opphav endre

Papathanassiou og Roussos hadde alt hatt suksess i Hellas i banda Formynx (Papathanssiou) og Idols (Roussos) då dei kom saman med Sideras og Koulouris for å danne eit nytt band. Namnet til bandet kom frå tittelen på ein song av ein annan artist på Mercury, Dick Campbell, frå albumet Sings Where It's At.

Den første innspelinga deira som band var for George Romanos-albumet In Concert and in Studio der dei spelte på fire songar og vart omtalt som «Vangelis and his Orchestra». Same året spelte dei inn to songar for ein demo og gav denne til Philips Records. Det var truleg Vangelis sin idé at det framleis anonyme bandet skulle flytte til London, som var ein meir høvande stad for musikken deira, sidan landet deira hadde blitt eit høgrevridd diktatur i 1967.[treng kjelde] Denne avgjersla var ikkje problemfri. Koulouris måtte vere i Hellas for å fullføre militærtenesta si, medan bandet på veg til London blei sitjande fast i Paris, delvis fordi dei ikkje hadde dei rette arbeidsløyvene og delvis fordi det var streik i samband med hendingane i mai 1968.

Paris og det første albumet endre

I Paris signerte dei kontrakt med Mercury Records og fekk namnet «Aphrodite's Child» av Lou Reisner. Dei gav ut den første singelen sin «Rain and Tears», ei omarbeiding av Pachelbel sin Kanon i D-dur.[1] Med denne songen vart bandet ein sensasjon over natta i Frankrike og singelen gjorde det bra i fleire andre europeiske land, trass i at songen vart sungen på engelsk og ikkje fransk. Han selde over ein million eksemplar, som var nok til gullplate.[2] I oktober same året gav bandet ut det første albumet sitt, End of the World. Albumet inneheldt omtrent halvt om halvt med psykedelisk pop og balladar ala Procol Harum eller The Moody Blues.

Bandet la ut på turné i Europa og i januar 1969 spelte dei inn ein singel på italiensk for Sanremofestivalen, der dei ikkje deltok. Den neste hitsingelen deira, «I Want to Live», var eit arrangement av songen «Plaisir d'amour».

Innspeling i London og det andre albumet endre

For det andre albumet reiste bandet til London for å spele inn musikk i Trident Studios. Den første singelen frå albumet, «Let Me Love, Let Me Live», kom ut i november, medan albumet It's Five O'Clock kom ut i januar 1970. Det inneheld fleire suksessrike balladar (som tittelsporet), men òg songar som kryssa mange musikalske stilar, som countryrock.[treng kjelde]

Etter det andre albumet la bandet ut på turné att, denne gongen utan Vangelis som valde å bli i Paris for å spele inn musikk for Henry Chapier-filmen, Sex Power.[1] Vangelis vart erstatta på scenen av Kharris Khalkitis. 1970 vart nytta til turnering av bandet og Vangelis som arbeidde på det første filmprosjektet sitt. For å halde straumen av hittar gåande, gav bandet ut ein ny singel i august 1970, «Spring, Summer, Winter and Fall».

666 og oppløysinga endre

For meir om dette emnet, sjå 666 av Aphrodite's Child.

Bandet gjekk i studio att seint i 1970 for ei musikalsk tilpassing av Johannes' openberring frå Bibelen, kalla 666.[1] Koulouris, som no var ferdig i den greske hæren kom attende til bandet. Forholdet mellom bandmedlemmane var ikkje god på denne tida, og det vart ikkje betre av den metodiske og langsame innspelingsprosessen.

I røynda var albumet Vangelis sitt konsept, skapt i lag med tekstforfattaren Costas Ferris. Musikken som dei skapte for albumet var meir retta mot psykedelisk og progressiv rock enn noko bandet hadde gjort før.[treng kjelde] Dette mislikte dei andre bandmedlemmane, som ønskte å halde fram i popretninga som hadde gjeve dei suksess.[treng kjelde] I tillegg var Roussos på veg til å starte sin eigen solokarriere, og hadde spelt inn og gjeve ut den første solosingelen sin, «We Shall Dance» (med Sideras på trommer) og det første soloalbumet sitt, On the Greek Side of My Mind, medan Vangelis spelte inn musikk for den franske fjernsynsdokumentaren L'Apocalypse des animaux i 1970 og arbeidde på ein singel med den dåverande kjærasten Vilma Ladopoulou, og selte med Koulouris med pseudonymet «Alpha Beta».

dobbeltalbummet endeleg kom ut, nesten to år seinare i juni 1972, og trass i at bandet hadde selt over 20 millionar plater,[3] var bandet då alt oppløyst.[1] Både Vangelis og Roussos fortsette med suksessrike solokarrierer: Roussos hadde ein lang karriere som popsongar, og Vangelis vart ein suksessrik filmmusikkomponist med elektronisk musikk med musikk for filmar som Ridley Scott sin Blade Runner i 1982 og Oliver Stone sin Alexander i 2004.

Koulouris arbeidde stundom med begge, og Sideras la ut på ein mindre sukessrik solokarriere. Han gav ut eit album og singelen «Rising Sun» etter oppløysinga. I 2013 budde han i Hellas og held konsertar med bandet sitt.

Innverknad og ettermæle endre

Trass i den korte tida bandet varte, og mangelen på hitsinglar utafor Europa, vert bandet rekna som eit kultband, og albumet 666 vert ofte rekna som meisterverket deira og eit av dei første konseptalbuma i rocken. Albumet vart lagt merke til av mange i progrockmiljøet, mellom anna av frontmannen i Yes, Jon Anderson, som seinare samarbeidde med Vangelis. Nyare progressive rockband som Astra har omtalt bandet som ei inspirasjonskjelde.

Coverversjonar endre

  • Det italienske heavymetal-bandet Death SS spelte «The Four Horsemen» på albumet The 7th Seal i 2006.
  • The Verve-songen «The Rolling People» (frå albumet Urban Hymns i 1997) låner tittelen frå «Altamont», og inneheld musikalske element frå «The Four Horsemen». Frontmannen Richard Ashcroft har nemnt 666 som ei stor inspirasjonskjelde på musikken hans.
  • Beck-songen «Chemtrails» (frå albumet Modern Guilt i 2008) minnar òg om «The Four Horsemen».

Diskografi endre

Album endre

Singlar endre

År Namn IT UK[4]
1968 «Plastics Nevermore» - -
1968 «Rain And Tears» 1 29
1969 «End Of The World» 8 -
1969 «Valley Of Sadness» - -
1969 «Lontano Dagli Occhi» - -
1969 «I Want To Live» 5 -
1969 «Let Me Love, Let Me Live» 20 -
1970 «It's Five O'Clock» 1 -
1970 «Spring, Summer, Winter and Fall» 1 -
1971 «Such a Funny Night» - -
1972 «Break» - -

Samlealbum endre

  • Best of Aphrodite's Child (1980)
  • Aphrodite's Child's Greatest Hits (1995)
  • The Singles (1995)
  • The Complete Collection (Aphrodite's Child) (1996)
  • Babylon the Great:An Introduction to Aphrodite's Child (2002)
  • The Singles+ (2003)

Litteratur endre

  • Dinos Dimatatis, Get That Beat: To Elliniko Rock, 1960s–1970s. Thessaloniki: Katsanos, 1998.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 1027. ISBN 1-84195-017-3. 
  2. Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 234–235. ISBN 0-214-20512-6. 
  3. Elsew.com
  4. Murrels, Joseph (1978). British Hit Singles & Albums (2nd utg.). London: The Book of Golden Discs. s. 234/235. ISBN 0-214-20512-6. 

Bakgrunnsstoff endre