666 av Aphrodite's Child

666 (The Apocalypse of John, 13/18)
Studioalbum av Aphrodite's Child
Utgjeve Juni 1972
Innspelt Seint 1970 – tidleg 1971 (tre månader) Studio Europa-Sonor i Paris
Sjanger Progressiv rock, psykedelisk rock, eksperimentell rock
Lengd 77:58
Selskap Vertigo
Produsent Vangelis Papathanassiou
Aphrodite's Child-kronologi 
It's Five O'Clock
(1969)
666 (The Apocalypse of John, 13/18)


666 (The Apocalypse of John, 13/18) er eit dobbeltalbum av den greske progrockgruppa Aphrodite's Child. Det kom ut i 1972 og vart i stor grad laga og produsert av Vangelis. Albumet er basert på passasjar frå Johannes' openberring i Bibelen, men både teksten og musikken er tidvis særs eksperimentell.

Det inneheld ein mindre radiohit, «The Four Horsemen» og songen «Break» vart òg gjeven ut på singel.

Bakgrunn endre

Tekstane til 666 vart skriven av Costas Ferris, som ikkje var med i gruppa. Musikken kombinerer psykedelisk og progressiv rock med etniske instrument, korsong, resitasjonar og bruk av elektroniske klaverinstrument. Plateselskapet Mercury Records protesterte mot lengda på dobbeltalbumet og dei musikalske eksperimenta, som sporet «∞» (uendeleg), der den greske skodespelarinna Irene Papas simulerer ein orgasme og repeterer orda «I was, I am, I am to come» over ein enkel perkusjon.

Forholdet mellom bandmedlemmane var ikkje god på denne tida, og det vart ikkje betre av den metodiske og langsame innspelingsprosessen. Det tok eit heilt år å spele inn plate på grunn av dei indre stridane.

Roussos var på veg til å starte sin eigen solokarriere, og hadde spelt inn og gjeve ut den første solosingelen sin, «We Shall Dance» (med Sideras på trommer) og det første soloalbumet sitt, On the Greek Side of My Mind, medan Vangelis spelte inn musikk for den franske fjernsynsdokumentaren L'Apocalypse des animaux i 1970 og arbeidde på ein singel med den dåverande kjærasten Vilma Ladopoulou, og spelte med Koulouris med pseudonymet «Alpha Beta».

I plateomslaget står det «Dette albumet vart spelt inn under påverknad av Sahlep.» Det er ikkje eit dopmiddel, men ganske enkelt ein varm drykk.

Utgjeving og mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [1]
Mojopositiv[2]

Etter Roussos og Sideras alt hadde gjeve ut sine første soloalbum, gjekk Mercury med på å gje ut 666 på progrock-etiketten sin Vertigo Records, eitt år etter det var ferdig, og to år etter bandet hadde spelt inn sine delar. Singelen «Break» kom òg ut i 1972, og det same gjorde ei enkel vinylutgåve i Brasil, kalla Break.

Allmusic gav albumet nesten full pott, 4,5 av 5 stjerner, men skriv at «heile albumet kan verte for overveldande til å lytte til i ein eingong». IGN rangerte albumet på tredjeplass på lista deira over dei 25 beste progrockalbuma gjennom tidene.[3] I Q & Mojo si spesialutgåve ‘’Pink Floyd & The Story of Prog Rock’’, hamna albumet på 40. plass på lista deira over «40 Cosmic Rock Albums».[4]

Innhald endre

All tekst er skriven av Coastas Ferris; all musikk er komponert av Vangelis.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«The System»0:23
2.«Babylon»2:47
3.«Loud, Loud, Loud»2:42
4.«The Four Horsemen»5:53
5.«The Lamb» (Instrumental)4:34
6.«The Seventh Seal»1:30
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Aegian Sea»5:22
2.«Seven Bowls»1:28
3.«The Wakening Beast» (Instrumental)1:11
4.«Lament»2:45
5.«The Marching Beast» (Instrumental)2:00
6.«The Battle of the Locusts» (Instrumental)0:56
7.«Do It»1:44
8.«Tribulation» (Instrumental)0:32
9.«The Beast»2:26
10.«Ofis»0:14
Side tre
Nr.TittelLengd
1.«Seven Trumpets»0:35
2.«Altamont»4:33
3.«The Wedding of the Lamb» (Instrumental)3:38
4.«The Capture of the Beast» (Instrumental)2:17
5.«∞»5:15
6.«Hic and Nunc»2:55
Side fire
Nr.TittelLengd
1.«All the Seats Were Occupied»19:21
2.«Break»2:59

Medverkande endre

Bandet endre

Gjestemusikarar endre

Produksjon endre

  • Hans Brethouwer: mastering
  • Gerard Fallec: produksjonskoordinering
  • Minoru Harada: produktmanager
  • Roger Roche: lydteknikar
  • Jean-Claude Conan: assisternade lydteknikar
  • Hitoshi Takiguchi: mastering
  • Kiyoshi Tokiwa: designar
  • Vangelis Papathanassiou: produsent

Kjelder endre

  1. 666 Aphrodite's Child Allmusic.com Steven McDonald
  2. Ross Bennett. «Aphrodite’s Child - Disc of the day - Mojo». Mojo4music.com. Henta 4. september 2014. 
  3. «Top 25 Prog Rock Albums». IGN. Arkivert frå originalen 15. juni 2010. Henta 4. september 2014. 
  4. Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005.

Bakgrunnsstoff endre