Lounès Gaouaoui

algerisk fotballspelar

Lounès Gaouaoui (fødd 28. september 1977 i Tizi Ouzou) er ein algerisk tidlegare fotballspelar og -trenar. Sidan 2001 har han delteke i 48 kampar for det algeriske landslaget.

Lounès Gaouaoui
Personleg informasjon
Fullt namn الوناس قاواوي
Lounès Gaouaoui
Fødd 28. september 1977
Fødestad Tizi Ouzou
Høgd 188 cm
Posisjon Keeper
Ungdomsklubbar
1990-1997 Algerie USM Drâa Ben Khedda
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1997-99
1999-2007
2007-08
2008-09
2009-10
2010-12
2012-13
2013-14
Algerie USM Drâa Ben Khedda
Algerie Kabylie
Algerie Tlemcen
Algerie Annaba
Algerie Chlef
Algerie Blida
Algerie Khroub
Algerie Constantine
? (?)
156 (0)
42 (0)
26 (0)
21 (0)
26 (0)
0 (0)
2 (0)
Landslag
2001-2010 Algerie Algerie 48 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Klubbkarriere endre

Gaouaoui skreiv under kontrakt for klubben Kabylie, frå heimbyen hans, Tizi Ouzou, i 1999. Han spelte i åtte år for klubben. Med dei vann han den algeriske ligaen to gonger, i 2004 og 2006, og kom på andreplass i 2002 og 2005. I 2000, 2001 og 2002 var han med å vinna CAF-cupen, den afrikanske versjonen av UEFA-cupen. Han spela som keeper for Chlef frå 2009 til 2010 i den algeriske fotballigaen.

Landslagskarriere endre

Gaouaoui spelte den første landskampen sin for Algerie 30. desember 2001 mot Senegal, og vart fast på landslaget i 2004. Han var med på det algeriske landslaget som kom til kvartfinalen i Afrikameisterskapen i 2004. Han var Algerie sin førstekeeper fram til og med mesteparten av kvalifiseringa til fotball-VM i 2010, men då han fekk blindtarmbetennelse, gjekk han glipp av den siste, avgjerande kvalifiseringskampen mot Egypt hausten 2009, der han vart erstatta av Faouzi Chaouchi. Han gjekk òg glipp av Afrikameisterskapen i 2010.

Kjelder endre

Denne artikkelen begynte basert på stoff frå fransk og engelsk wikipedia 13. mars 2010.

Bakgrunnsstoff endre