Love Sick
Singel av Bob Dylan
frå albumet Time Out of Mind
Utgjeve Juni 1998
Innspelt Januar 1997
Sjanger Bluesrock
Lengd 4:02 (radio)
5:21 (album)
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Daniel Lanois
Bob Dylan-kronologi 
«Not Dark Yet»
(1998)
Love Sick «Things Have Changed»
(2000)


«Love Sick» er ein song av Bob Dylan, spelt inn i januar 1997 og gjeven ut som opningssporet på det 30. studioalbumet hans, Time Out of Mind i september det året. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet i juni 1998 på forskjellige CD-format. Somme av dei inneheldt eit konsertopptak av songen frå 25. februar 1998 då Dylan framførte songen på Grammyprisutdelinga. Songen er produsert av Daniel Lanois.[1]

Framføringar endre

I følgje nettsida til Dylan er songen blitt framført på konsertar over 800 gonger.[2] Då Dylan framførte songen under Grammyprisutdelinga i 1998 hoppa dansaren Michael Portnoy på scenen utan skjorte og med orda «Soy Bomb» måla på brystet.[3] Ein video av denne framføringa med Portnoy redigert ut, finst på ein bonus-DVD av den avgrensa versjonen av albumet Modern Times frå 2006.

Andre versjonar endre

Songen er blitt spelt av mange artistar, mellom andre The White Stripes[4] og Mariachi El Bronx.[5]

Innhald endre

Love Sick: Dylan Alive! Vol. 1 Japansk dobbel-EP:

Plate 1

  1. «Love Sick» – 5:22
  2. «Can't Wait» (Live) – 6:04
  3. «Roving Gambler» (Live) – 3:53
  4. «Blind Willie McTell» (Live) – 7:00

Plate 2

  1. «Love Sick» (Live at 1998 Grammy Awards) – 5:29
  2. «Cold Irons Bound» (Live) – 6:50
  3. «Cocaine Blues» (Live) – 5:43
  4. «Born in Time» (Live) – 5:19

CD1 (COL 665997 2):

  1. «Love Sick» (Live at 1998 Grammy Awards) – 5:29
  2. «Cold Irons Bound» (Live) – 6:50
  3. «Cocaine Blues» (Live) – 5:43
  4. «Born in Time» (Live) – 5:19

CD2 (COL 665997 5):

  1. «Love Sick» – 5:22
  2. «Can't Wait» (Live) – 6:04
  3. «Roving Gambler» (Live) – 3:53
  4. «Blind Willie McTell» (Live) – 7:00

2-spors CD (COL 665997 1):

  1. «Love Sick» (Live at 1998 Grammy Awards) – 5:29
  2. «Cold Irons Bound» (Live) – 6:50

Victoria's Secret eksklusiv EP:

  1. «She Belongs to Me» – 2:46
  2. «Don't Think Twice, It's All Right» – 3:38
  3. «To Ramona» – 3:51
  4. «Boots of Spanish Leather» – 4:37
  5. «It's All Over Now, Baby Blue» – 4:13
  6. «Love Sick» (Remix) – 5:24
  7. «Make You Feel My Love» – 3:31
  8. «Things Have Changed» – 5:08
  9. «Sugar Baby» – 6:41

Merknad endre

  • «Love Sick» - Grammy-versjonen vart spelt inn under Grammyprisutdelinga 25. februar 1998.
  • «Cold Irons Bound» og «Cocaine Blues» var konsertopptak frå El Rey Theatre i Los Angeles, 16. desember 1997.
  • «Born in Time» var konsertopptak frå Center for the Performing Arts i Newark, 1. februar 1998.
  • «Can't Wait» var konsertopptak frå El Rey Theatre i Los Angeles, 20. desember 1997.
  • «Roving Gambler» var konsertopptak frå El Rey Theatre i Los Angeles, 17. desember 1997.
  • «Blind Willie McTell» var konsertopptak frå Jones Beach Music Theater i Wantagh, 17. august 1997.

Kjelder endre

  1. Ciabattoni, Steve (19. september 2016). «Daniel Lanois: My Life in 15 Songs». Rolling Stone (på engelsk). Henta 13. desember 2018. 
  2. «Love Sick | The Official Bob Dylan Site». www.bobdylan.com (på engelsk). Henta 13. desember 2018. 
  3. Yip, Derek. «Michael Portnoy AKA Soy Bomb: Upstart Pissing On the Contemporary Mix». PAJ 21 (1): 36–44. ISSN 1537-9477. 
  4. «Archived copy». Arkivert frå originalen 19. mai 2011. Henta 13. desember 2018. 
  5. «Various – Chimes Of Freedom: The Songs Of Bob Dylan (CD)». Discogs.com. Henta 13. desember 2018. 

Bakgrunnsstoff endre