Things Have Changed

Things Have Changed
Singel av Bob Dylan
frå albumet Wonder Boys (Music from the Motion Picture)
B-side

«Blind Willie McTell» (konsertopptak)

Utgjeve 1. mai 2000
Innspelt Mai eller juli 1999
Sjanger Rock, countryrock, folkrock, bluesrock
Lengd 3:37 (radio)
5:09 (video)
5:25 (album)
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Bob Dylan[1]
Produsent Bob Dylan
Bob Dylan-kronologi 
«Love Sick»
(1998)
Things Have Changed «Someday Baby»
(2006)


«Things Have Changed» er ein song frå filmen Wonder Boys, skriven og framført av Bob Dylan[1] og gjeven ut på singel 1. mai 2000. Songen vann både Oscarprisen for beste originale song[2] og Golden Globe for beste orignale song.[3]

Innspeling endre

Dylan-kritikarane er usamde om når songen vart spelt inn. I følgje Olof Björner vart songen spelt inn i mai 1999 i Sterling Sound i New York.[4] Clinton Heylin meiner at songen vart spelt inn i Sony Studios i New York, truleg 25. og 26. juli 1999. På desse datoane var Dylan på turné i USA med Paul Simon.[5]

Kjeldene er samde om at musikarane på innspelinga var turnébandet til Dylan på den tida: Charlie Sexton og Larry Campbell på gitar, Tony Garnier på bass og David Kemper på trommer.[4]

Kemper har sagt «Me var på turné og hadde ein dag fri i New York. Bob sa 'I morgon dreg me i studio. Eg har ein song eg vil spele inn'. Me gjekk inn og spelte inn 'Things Have Changed' med berre ein lydteknikar. Me gjorde to forsøk. Den første var ein New Orleans-sak. Den andre var opptaket som vart nytta. Så i løpet av fem timar hadde me lært oss songen, spelt han inn og miksa han.»[5]

Mottaking endre

Singelen gjekk inn på Billboard Hot 100. Singelen nådde 58. plassen på UK Singles Chart i oktober 2000.[1]

Innhald endre

7"-singel (COL 669379 7) — avgrensa utgåve[6]
A «Things Have Changed» – 5:08
B «Blind Willie McTell» (konsertopptak) – 7:01
CD promosingel (COL 669333 1) — Europa[7]
  1. «Things Have Changed» (Radio Edit) – 3:37
  2. «To Make You Feel My Love» (Live) – 4:10
CD-singel (COL 669333 2)[7]
  1. «Things Have Changed» (Radio Edit) – 3:37
  2. «To Make You Feel My Love» (Live) – 4:10
  3. «Hurricane» – 8:33
  4. «Song to Woody» (Live) – 4:26
Things Have Changed/Dylan Alive Vol. 3 (SRCS 2306) — japansk EP-utgåve[7]
  1. «Things Have Changed» – 5:09
  2. «Highlands» (Live) – 11:19
  3. «Blowin' in the Wind» (Live) – 7:10
  4. «To Make You Feel My Love» (Live) – 4:11

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 137. ISBN 1-904994-10-5. 
  2. Dansby, Andrew (26. mars 2001). «Dylan wins Oscar». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 23. januar 2017. Henta 17. desember 2018. 
  3. «Things Have Changed: Golden Globes: 1 Nomination, 1 Win». goldenglobes.com. 1. april 2001. Arkivert frå originalen 18. desember 2018. Henta 17. desember 2018. 
  4. 4,0 4,1 Bjorner Olof (27. april 2015). «Sterling Sound, New York City, Probably May 1999». bjorner.com. Henta 17. desember 2018. 
  5. 5,0 5,1 Heylin, 2010, Still On the Road, The Songs of Bob Dylan: Volume Two, s. 436–439.
  6. Things Have Changed 7» vinyl ved Discogs
  7. 7,0 7,1 7,2 «Searching For A Gem», Bob Dylan's Officially Released Rarities and Obscurities: Audio: 2000