Love at First Sight

Love at First Sight
Singel av Kylie Minogue
frå albumet Fever
B-side

«Baby»

Språk engelsk
Utgjeve 10. juni 2002
Innspelt 2001
Sjanger Dansepop
Lengd 3:51
Selskap Parlophone
Capitol Records
Tekstforfattar Kylie Minogue
Låtskrivar(ar) Kylie Minogue
Richard Stannard
Julian Gallagher
Ash Howes
Martin Harrington
Produsent Richard Stannard
Julian Gallagher
Kylie Minogue-kronologi 
«In Your Eyes»
(2002)
Love at First Sight «Come into My World»
(2002)


«Love at First Sight» er ein dansepopsong av den australske songaren Kylie Minogue frå albumet Fever. Songen vart skriven av Minogue, Richard Stannard, Julian Gallagher, Ash Howes og Martin Harrington, og produsert av Stannard og Gallagher. Han vart gjeven ut som den tredje singelen frå albumet Fever i sommaren 2002.

Listeplasseringar og sal

endre

«Love at First Sight» kom ut i Storbritannia 10. juni 2002 og nådde andreplassen på UK Singles Chart, der han var med i til saman tolv veker. Songen vart vel motteken også utanfor Storbritannia. Singelen nådde Topp 10-listene i Israel, Hong Kong, Polen, Canada, Ungarn, Irland, og i mange andre land. I heimlandet Australia nådde han tredjeplassen på singellista. Han vart sertifisert til gull i Australia med sal av over 35 000 eksemplar. Han nådde niandeplassen i New Zealand og vart sertifisert til gull med sal på over 7 500 eksemplar.

«Love at First Sight» blei også gjeven ut i USA, men i ein annan versjon med arrangement av Ruff & Jam. Minogue hadde tidlegare hatt suksess på Billboard Hot 100 med «The Loco-Motion» (1988) og «Can't Get You Out of My Head» (2001). «Love at First Sight» vart den andre utgjevinga hennar på rad på Billboard-lista, der han nådde tjuetredjeplass.

Musikkvideo

endre

Videoen har Minogue framfor ein grøn skjerm der ho dansar og syng songen i lag med visuelle effektar og andre dansarar. Han kom ut i 2002.

Format og sporliste

endre
Britisk CD 1
  1. «Love at First Sight» – 3:59
  2. «Can't Get Blue Monday Out Of My Head» – 4:03
  3. «Baby» – 3:49
  4. «Love at First Sight» (Video)
Britisk CD 2
  1. «Love at First Sight» – 3:59
  2. «Love at First Sight» (Ruff and Jam Club Mix) – 9:31
  3. «Love at First Sight» (The Scumfrog Vocal Edit) – 4:26
Australsk CD
  1. «Love at First Sight» – 3:59
  2. «Can't Get Blue Monday Out Of My Head» – 4:03
  3. «Baby» – 3:49
  4. «Love at First Sight» (Ruff and Jam Club Mix) – 9:31
  5. «Love at First Sight» (Twin Masterplan Mix) – 5:55
  6. «Love at First Sight» (The Scumfrog Vocal Edit) – 4:26

Topplisteplasseringar

endre
Toppliste (2002) Listeplassering
Australia (ARIA Charts) 3
Austerrike (Ö3 Austria Top 75) 29
Belgia (Ultratop 50 Flandern) 25
Belgia (Ultratop 40 Vallonia) 28
Danmark (Tracklisten) 6
Nederland (Mega Single Top 100) 15
Finland (Suomen virallinen lista) 18
Frankrike (SNEP) 33
Tyskland (Media Control Charts) 16
Irland (Irish Singles Chart) 7
Italia (FIMI) 8
New Zealand (RIANZ) 9
Spania (PROMUSICAE) 7
Sveits (Schweizer Hitparade) 22
Sverige (Sverigetopplistan) 36
Storbritannia (UK Singles Chart) 2
USA (Billboard Hot 100) 23
USA (Hot Dance Club Songs) 1

Sertifisering

endre
Land Sertifisering
Australia (ARIA) Gull[1]
New Zealand (RIANZ) Gull
Storbritannia (BPI) Sylv

Kjelder

endre
  1. Australian Recording Industry Association (2002). «2002 Accreditations». ARIA Charts. Henta 31. juli 2010. 

Bakgrunnsstoff

endre