Louise

kvinnenamn
(Omdirigert frå Lovise)

Louise er eit kvinnenamn avleidd av Louis. Lovise er ein nordisk og Luise ein tysk måte å skriva namnet på. Begge formene av namnet har namnedag den 25. august i Noreg, då Louise og nærskylde Lovisa også har svensk namnedag.

Måleri av Louise Boyer (1632-1697), hertuginne av Noailles.

Louis er ei fransk form av Ludvig som opphavleg er sett saman av gammalhøgtysk hluth, 'kjend', og wig, 'strid'.

På norsk har namnet gjerne tre stavingar, medan e-en er stum på fransk og engelsk slik at det berre får to stavingar.

Namneberarar endre

Annan bruk endre