Louise Joséphine Bourgeois (25. desember 191131. mai 2010) var ein fransk-amerikansk biletkunstnar og skulptør. Ho var særleg kjend for ei rekkje overdimensjonerte edderkoppeskulpturar kalla Maman, som gav henne tilnamnet «Edderkoppekvinna».[1]

Louise Bourgeois

Pseudonym Bourgeois, Louise Joséphine, Goldwater, Louise Bourgeois, Goldwater, Mrs. Robert
Statsborgarskap Frankrike, USA
Fødd 25. desember 1911
Paris
Død

31. mai 2010 (98 år)
New York by, Beth Israel Medical Center

Yrke bilethoggar, biletkunstnar, kunstmålar, illustratør, smykkedesigner, fotograf, teiknar, installasjonskunstnar, gravør, performancekunstner, grafikar, bygningstegner, grafikar, kunstnar
Sjanger Assemblage, figurativ kunst, abstrakt kunst
Medlem av American Academy of Arts and Letters, American Academy of Arts and Sciences, American Abstract Artists
Ektefelle Robert Goldwater
Louise Bourgeois på Commons

Liv og virke endre

Louise Bourgeois var fødd i Paris, og foreldra hennar eigde eit galleri som særleg synte fram gamle gobelinar. Nokre år etter at ho var fødd flytta familien til forstaden Choisy-le-Roi, der dei byrja å restaurera gobelinar. Louise Bourgeois byrja etterkvart å hjelpa til med arbeidet. Som tjueåring byrja ho studiar på Sorbonne i matematikk og geometri, men ho fullførte ikkje studiane; i staden byrja ho på den fyrste av ei rekkje kunstskolar. I 1938 gifta ho seg med den amerikanske kunsthistorikaren Robert Goldwater, som hadde gjort revolusjonære studiar av såkalla «primitiv kunst», dvs. kunst utført av urfolk ulike stader i verda. Same året flytta paret til New York, der Bourgeois studerte målarkunst ved Art Students League samstundes med at ho skapte skulpturar og andre kunstverk. Ho byrja å stilla ut verka sine frå slutten av 1940-åra, men den breie heideren av verkane hennar kom fyrst i 1980-åra i samband med ei retrospektiv utstilling på Museum of Modern Art.[2]

 
Maman

Gjennom ei lang årrekkje skapte ho ei rad kunstverk som ho sjølv skildra som ei omarbeiding av den familiemessige bakgrunnen sin der faren hennar var utru, med kjennskap frå mora, i ei årrekkje.[2] Det mest kjende kunstverket hennar, Maman, finst i det originale utgåva si i stål ved Tate Modern i London. Det finst også om lag eit dusin kopiar i bronse, som blant anna kan bli sett på Guggenheim Museum Bilbao og Tuileries i Paris, og nokre av dei er blitt stilt ut i København i samband med ei separatutstilling på Louisiana i 2003.[1] Skulpturane er ein hyllest til mor hennar. I 2013 viste Faurschou Foundation ei retrospektiv utstilling med Louise Bourgeois under tittelen Alone and Together.[3]

Verka hennar er ofte surrealistiske i uttrykk, og ein kan spora eit samband til Alberto Giacometti og Marcel Duchamp, men dei viser òg påverknad frå afrikansk kunst.[2]

Kjelder endre