Loyautéøyane
21°04′S 167°21′E / 21.067°S 167.350°E
Loyautéøyane (fransk Îles Loyauté, på norsk også Lojalitetsøyane) er ei øygruppe i Melanesia i Stillehavet som ligg nordaust for Ny-Caledonia. Dei dannar ein av dei tre provinsane som utgjer territoriet Ny-Caledonia. Øyane har eit samla areal på 1 981 km². Provinsen hadde i 2014 18 297 innbyggjarar.[1] Dei viktigste øyane i gruppa er Ouvéa, Maré og Lifou. I tillegg kjem dei mindre øyane Tiga, Mouli og Faiava.
Loyautéøyane utgjer ein del av økoregionen Ny-Caledonia-regnskogar. Det høgaste punktet er på Maré på 138 meter over havet.
Innbyggjarane på Loyautéøyene er av blanda melanesisk og polynesisk opphav. Øyane blei utforska i 1827 av Jules Dumont d'Urville. Frankrike tok kontroll over øygruppa i 1853 saman med Ny-Caledonia.[2]
Politikk og administrasjon
endreLoyautéøyane er ein av tre provinsar i Ny-Caledonia. Provinsforsamlinga for Loyautéøyane har sete i Wé på Lifou.
Det er tre kommunar i provinsen: Lifou (Lifou og Tiga), Maré og Ouvéa.[3]
Galleri
endre-
Parti av Maré
-
Lagunene på Ouvéa er en del av verdensarven
-
Tradisjonell bygning på Lifou
Kjelder
endre- ↑ Population, ménages et logement par commune, Institut de la Statistique et des Etudes Economique (ISEE).
- ↑ «Un peu d'histoire» Arkivert 2012-04-25 ved Wayback Machine., Province des îles Loyauté.
- ↑ Chiffres clés des communes Arkivert 2014-08-11 ved Wayback Machine., Insee. Henta 22. juli 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Loyautéøyene» frå Wikipedia på bokmål, den 14. oktober 2019.
Bakgrunnsstoff
endre- La province des îles Loyauté (fransk)