Opna hovudmenyen
Lozère
Våpenskjoldet til Lozère
Plassering
Plasseringa til Lozère i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 48
Region: Languedoc-Roussillon
Préfecture: Mende
Sous-préfectures: Florac
Arrondissement: 2
Kantonar: 25
Kommunar: 185
Président du conseil général: Jean-Paul Pourquier
Statistikk
Folketal Rangering 100.
 -1999 73 509
Folketettleik: 14/km²
Landareal¹: 5 164 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Lozère (oksitansk Losera) er eit departementet søraust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Languedoc-Roussillon nær Massif Central.

HistorieEndra

Ardèche er ein av 83 opphavlege departement som vart oppretta den 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Han vart danna av den tidlegare franske provinsen Languedoc.

Beistet i Gévaudan var eit udyr som terroriserte området i den tidlegare provinsen Gévaudan, som i dag ligg i Lozère i Margeridefjella, omkring 1764-1767.

Osten i Lozère vart hylla i Plinus den eldre sin Naturalis Historia.

GeografiEndra

Lozère er ein del av regionen Languedoc-Roussillon og er omringa av departementa Cantal, Haute-Loire, Ardèche, Gard og Aveyron.

ØkonomiEndra

Hovudnæringane i departementet er jordbruk og turisme. Departementet har den lågaste arbeidsløysa i Frankrike.

DemografiEndra

Innbyggjarane i departementet vert kalla lozériens, og Lozère er det departementet i Frankrike med lågast innbyggjartal, omkring 75 000.

Den låge folketettleiken (14 innbyggjarar/km²) kjem av dårleg jordsmonn i regionen og fråflyttinga frå distrikta til byane, særleg i perioden 1850-1910.

I seinare år har folketalet i departementet auka litt, sidan ein meiner ein har god livskvalitet her. Folkesetnaden er derimot eldre her enn gjennomsnittet for heile nasjonen.

TurismeEndra

Av turistaktivitetar finn ein holeutforsking, og forskjellige typar sport som skigåing eller kajakkroing. Lozère inneheld ein del av nasjonalparken Parc National des Cévennes. Lozère vert rekna som eit av dei beste områda i Frankrike for aurefiske, særleg i elvar som Lot, Tarn og Truyère.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lozère