Departementet Gard
- For elva med same namn, sjå Gardon
Gard | |
---|---|
![]() | |
Våpenskjoldet til Gard | |
Plassering | |
![]() | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 30 |
Region: | Occitanie |
Préfecture: | Nîmes |
Sous-préfectures: | Alès Le Vigan |
Arrondissement: | 3 |
Kantonar: | 46 |
Kommunar: | 353 |
Président du conseil général: | Didier Lauga |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 34. |
-1999 | 623 125 |
Folketettleik: | 106/km² |
Landareal¹: | 5 853 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
![]() |
Gard er eit departementet sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Occitanie, og er kalla opp etter elva med same namn.
HistorieEndra
Gard er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Languedoc.
Gard-området vart busett av romarane i antikken. Romarvegen Via Domitia mellom Italia og Spania vart bygd gjennom departementet i 118 fvt.
GeografiEndra
Departementet er i dag ein del av regionen Languedoc-Roussillon og grensar til departementa Hérault, Lozère, Aveyron, Bouches-du-Rhône, Vaucluse og Ardèche.
Det høgaste punktet i departementet er Mont Aigoual.
Dei siste åra har departementet vorte råka av alvorlege flaumar.
DemografiEndra
Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Gardois.
TurismeEndra
Gard inneheld delar av nasjonalparken Parc National des Cévennes.
Det finst fleire restar av romersk arktitektur i Nîmes, i tillegg til den romerske akvedukten Pont du Gard.
BakgrunnsstoffEndra
- Prefekturet si nettside
- Offisiell nettside Arkivert 2009-02-17 ved Wayback Machine.
- Kart over department
- www.languedoc-france.info/070202_gard.htm – Informasjon om Gard og Languedoc-Roussillon