Aveyron

franske departement
For elva med same namn, sjå elva Aveyron
Aveyron
Våpenskjoldet til Aveyron
Plassering
Plasseringa til Aveyron i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 12
Region: Midi-Pyrénées
Préfecture: Rodez
Sous-préfectures: Millau
Villefranche-de-Rouergue
Arrondissement: 3
Kantonar: 46
Kommunar: 304
Président du conseil général: Jean Puech
Statistikk
Folketal Rangering 78.
 -1999 263 808
Folketettleik: 30/km²
Landareal¹: 8 735 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Aveyron (oksitansk Avairon) er eit departementet sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Midi-Pyrénées og er kalla opp etter elva med same namn.

Historie endre

Aveyron er ein av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Dei første kjende busetnadane i området var stamma Rutenii, men området var busett lenge før dette og har mange førhistoriske ruinar.

Geografi endre

Departementet er ein del av regionen Midi-Pyrénées, og grensar til departementa Tarn, Tarn-et-Garonne, Lot, Hérault, Gard, Lozère og Cantal.

Det høgaste punktet i departementet er toppen Mailhebuau på 1 469 m.

Demografi endre

Innbyggjarar i departementet vert kalla aveyronnais. Innbyggjarane i Rodez vert kalla ruthénois, som er basert på dei første romerske busetnadane, rutenii.

Turisme endre

Aveyron inneheld ein del av Parc National des Cévennes. To kjende turistattraksjonar er slottet i Najac, mellomalderruinar som ligg på ein høg klippe, og klosteret Loc-Dieu, som ligg nær Martiel i eit område med mange steindysser. Den litle byen Millau ligg ved den høgaste brua i verda, Viaduc de Millau. Alt før opninga av viadukten av President Chirac 14. desember 2004 har dette spesielle byggverket vore ein turistattraksjon. Viadukten kryssar heile Tarndalen.

I kommunen Saint Léons (sjå [1]) ikkje langt frå Millau ligg «insektbyen» Micropolis.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Aveyron