Lozen Nunatak
Lozen Nunatak (Lozenski Nunatak) er ein 440 meter høg ås i øvre Huronbreen på Livingston Island. Han er ein del av ein liten rygg i dei nordlege forberga til Tangra Mountains med Erma Knoll og Aheloy Nunatak, og er knytt til Zograf Peak via Lozen Saddle. Åsen vart først vitja 17. desember 2004 av bulgararen L. Ivanov frå Camp Academia. Han er kalla opp etter Lozen kloster vest i Bulgaria.
Lozen Nunatak | |||
nunatak | |||
Lozen Nunatak frå vest.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Tangra Mountains | ||
Stad | Livingston Island | ||
• høgd | 440 moh. | ||
- koordinatar | 62°38′41.9″S 60°08′18.5″W / 62.644972°S 60.138472°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Lozen Nunatak 62°38′42″S 60°08′18″W / 62.644972222222°S 60.138472222222°W | |||
Nunataken ligg 1,5 km søraust for Kuzman Knoll, 1,14 km vest-nordvest for Ravda Peak og 910 m nordaust for Zograf Peak.