Lozen Saddle
Lozen Saddle (Lozenska Sedlovina) er eit 437 moh høgt skard mellom Lozen Nunatak og Zograf Peak i Tangra Mountains, aust på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Det gjev ein passasje over land frå Wörner Gap-området til Shipka Valley. Skardet vart først kryssa av bulgararen Ljubomir Ivanov frå Camp Academia den 17. desember 2004, og er kalla opp etter nærliggande Lozen Nunatak.
Lozen Saddle | |||
fjellovergang | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Tangra Mountains | ||
Grensar til | Lozen Nunatak, Zograf Peak | ||
Stad | Livingston Island | ||
• høgd | 437 moh. | ||
- koordinatar | 62°38′43″S 60°08′20″W / 62.64528°S 60.13889°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Lozen Saddle 62°38′43″S 60°08′20″W / 62.6453°S 60.1389°W | |||
Skardet ligg 5,29 km aust for Orpheus Gate, 3,44 km sør-sørvest for Pirdop Gate og 5,46 km vest for Karnobat Pass.