Tangra Mountains
Tangra Mountains (bulgarsk Тангра Планина, 'Tangra Planina') er den største fjellkjeda på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Fjellkjeda fekk ikkje namn før 2001, då ho vart kalla opp etter den bulgarske guden Tangra.[1]
Tangra Mountains | |||
fjellkjede | |||
Dei sentrale Tangra Mountains
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Livingston Island | ||
- koordinatar | 62°40′S 60°06′W / 62.667°S 60.100°W | ||
Lengd | 30 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Tangra Mountains 62°40′00″S 60°06′00″W / 62.666666666667°S 60.1°W | |||
Kart over Tangra Mountains
| |||
Wikimedia Commons: Tangra Mountains |
Tangra Mountains er 30 km lang mellom Barnard Point og Renier Point, 8 km brei, og grensar til Moon Bay og Huronbreen i nord, Huntressbreen i nordvest, False Bay i vest og Bransfieldsundet mot søraust, og er knytt til Bowles Ridge via Wörner Gap og til Pliska Ridge via Nesebar Gap. Fjellet er delt inn i tre hovudkammar: Friesland Ridge i vest, Levski Ridge i midten og Delchev Ridge i aust.
Det ligg mange isbrear i Tangra som Huron, Huntress, Ruen Icefall, Peshterabreen, Charitybreen, Tarnovo forlandsbre, Prespabreen, Macybreen, Boyanabreen, Srebarnabreen, Magurabreen, Dobrudzhabreen, Ropotamobreen, Strandzhabreen, Pautaliabreen, Sopot forlandsbre og Iskarbreen.
Camp Academia ligg nordvest for foten av Zograf Peak og er den beste vegen inn i dei sentrale Tangra Mountains via Catalunyan Saddle (1260 moh.) i sør og Lozen Saddle (437 moh.) i aust.
-
Mount Friesland frå vestsida av Lyaskovets Peak.
-
Delchev Ridge frå Melnik Peak.
-
Plasseringa til Tangra Mountains på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane.
-
Topografisk kart over Bowles Ridge og Tangra Mountains.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tangra Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 28. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- D. Gildea. 2003 - Omega Livingston Island GPS Expedition Arkivert 2011-07-07 ved Wayback Machine.. Antarktis Mountains: Climbing i Antarktis.
- L.L. Ivanov, Livingston Island[daud lenkje]: Tangra Mountains, Komini Peak, west slope new rock route; Lyaskovets Peak, first ascent; Zograf Peak, first ascent; Vidin Heights, Melnik Peak, Melnik Ridge, first ascent, The American Alpine Journal , 2005, 312-315.
- Livingston Island, Climb Magazine, Issue 14, Kettering, UK, April 2006, 89-91
- ↑ Tangra Mountains. Arkivert 2010-12-20 ved Wayback Machine. SCAR Composite Antarctic Gazetteer.
- Gildea, D. Mountaineering in Antarctica: complete guide: Travel guide. Primento and Editions Nevicata, 2015. ISBN 978-2-51103-136-0
- Ivanov, L. General Geography and History of Livingston Island. In: Bulgarian Antarctic Research: A Synthesis. Eds. C. Pimpirev and N. Chipev. Sofia: St. Kliment Ohridski University Press, 2015. pp. 17-28. ISBN 978-954-07-3939-7