Luís Fabiano
brasiliansk fotballspelar
Luís Fabiano Clemente (fødd 8. november 1980 i Campinas i delstaten São Paulo) er ein brasiliansk fotballspelar som har spela som spiss for São Paulo FC i den brasillianske eliteserien, og for landslaget til Brasil. Han har vore med på å vinna UEFA-cupen to gonger med Sevilla (2006 og 2007). Han vart toppskårar i den brasilianske toppdivisjonen i 2002, medan han spelte for São Paulo, og vart kåra til årets spelar i Brasil i 2003. Han debuterte for Brasil sitt A-landslag 11. juni 2003 i ein vennskapskamp mot Nigeria, og spelte alle fem kampane for Brasil då dei vann Copa América i 2004.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Luís Fabiano Clemente | ||
Fødd | 8. november 1980 | ||
Fødestad | Campinas i Brasil | ||
Høgd | 183 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Sevilla | ||
Nummer | 10 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1997-2000 2000-01 2001-04 2004-05 2005- |
Ponte Preta Rennes São Paulo Porto Sevilla |
12 (3) 11 (0) 87 (61) 22 (3) 127 (62) | |
Landslag | |||
2003- | Brasil | 38 (25) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 15. mars 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 7. juni 2010 |