Lublin er den største byen aust i Polen og hovudstaden i Lublin-voivodskapet med om lag 355 000 innbyggjarar. Han er den niande største byen i landet.

Lublin
Flagget til Lublin Byvåpenet til Lublin
Flagget til Lublin Byvåpenet til Lublin


Plassering
Lublin is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Polen
Lublin-voivodskapet
Grunnlagd
Byrettar
Før 1100-talet
1317
Borgarmeister Adam Wasilewski
Geografi
Flatevidd
 - By

147 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)

354 272
Koordinatar 51°14′53″N 22°34′13″E / 51.24806°N 22.57028°E / 51.24806; 22.57028
Diverse annan informasjon
Postnummer 20-001 til 20-999
Telefon-retningsnummer +48 81
Bilnummer LU
Nettstad: www.um.lublin.pl

Historie endre

Byen vart fleire gonger angripe på folkegrupper i området på 1200- og 1300-talet. I 1317 fekk han byrettar av Kasimir den store. Byen fekk viktige handelsprivilegia av kong Władysław Jagiełło og etter Polen og Litauen kom i fred med kvarandre, utvikla byen seg til eit handelssentrum. Den største marknaden i Det polsk-litauiske samveldet vart halde i Lublin.

På 1600-talet gjekk det nedover med byen på grunn av invasjonar frå Sverige under Karl Gustav-krigane. Etter den tredje delinga av Polen i 1795 vart Lublin ein del av Det austerrikske riket, og sidan 1809 ein del av Hertugdømet Warszawa. I 1815 kom byen under russisk styre som ein del av Kongress-Polen.

 
Slottet i Lublin

Under den andre verdskrigen var byen tysk hovudkvarter for Operasjon Reinhardt, det største forsøket til Tyskland på å utrydde jødane i det okkuperte Polen. Jødane i byen vart plassert i ein ghetto før om lag 26 000 av dei, størsteparten, vart deportert til dødsleiren Bełżec våren 1942. 24. juli 1944 vart byen frigjeve av den raude arméen og han vart mellombels hovudstad i den sovjetiskstyrte kommunistiske polske komiteen for nasjonal frigjering. Hovudstaden vart flytta til Warszawa i januar 1945.

Kjelder endre