Lublin-voivodskapet
Lublin-voivodskapet (polsk województwo lubelskie eller berre Lubelskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg aust i Polen og vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Lublin, Chełm, Zamość, Biała Podlaska, Tarnobrzeg og Siedlce. Voivodskapet har fått namn etter den største byen og hovudstaden, Lublin.
Lublin | |||
voivodskap | |||
|
|||
Land | Polen | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Lublin | ||
Areal | 25 114 km² | ||
Folketal | 2 151 836 (1. januar 2014)[1] | ||
Lublin-voivodskapet 51°13′00″N 22°54′00″E / 51.216666666667°N 22.9°E | |||
Kart over fylka i voivodskapet.
| |||
Wikimedia Commons: Lublin Voivodeship |
Lublin-voivodskapet grensar til Subkarpatiske voivodskap i sør, Święty Krzyż-voivodskapet i sørvest, Masoviske voivodskap i vest og nord, Podlasie-voivodskapet langs ei kort grense i nord og Kviterussland og Ukraina i aust. I 2014 hadde provinsen 2 151 836 og eit areal på 25 114 km².
Historie
endreDen historiske regionen som utgjorde området som Lublin-voivodskapet ligg i før delingane av Polen, vart kalla Lubelszczyzna. Det har vore provinsar sentrert rundt Lublin gjennom det meste av historia til Polen.
Før den andre verdskrigen var området eit av dei største sentra før jødedom. Før midten av 1500-talet var det eit fåtal jødar i området, konsetert i Lublin, Kazimierz Dolny og kanskje Chełm, men då nye private byar vart bygd i området flytta mange jødar her for å utvikle handel og servicenæring. . På midten av 1700-talet var det ein stor del jødar i Kraśnik, Lubartów og Łęczna. På 1900-talet utgjorden jødane 70 % av innbyggjartalet i elleve byar og nær 100 % av folketalet i Laszczów og Izbica.
Før krigen budde 300 000 jødar i regionen, og her vart konsentrasjonsleirane Majdanek og Belzec bygd, samt fleire arbeidsleirar (Trawniki, Poniatowa, Budzyn, Puławy, Zamość, Biała Podlaska og i Lublin Lindenstraße 7, Flugplatz og Sportplatz), som produserte militærutstyr for Wehrmacht og Luftwaffe). Dette var ein gong ein av dei støreste leirane der arbeidarane arbeidde under tvang i det okkuperte Europa med om lag 45 000 jødar. Etter krigen forlet stort sett dei få gjenlevande jødane området.
Byar
endreVoivodskapet inneheld 41 byar. Folketala er frå 2006 [1]:[daud lenkje]
1. Lublin (354 272) |
15. Dęblin (17 933) |
29. Nałęczów (4 243) |
Administrativ inndeling
endreLublin-voivodskapet er delt inn i 24 fylke eller powiat. Av desse er det fire byfylke og 20 landfylke. Desse er vidare delt inn i 213 gmina eller kommunar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lublin Voivodeship» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mai 2008.