Den raude hæren

1917-1946
(Omdirigert frå Den raude arméen)

Den raude hæren, Den raude arméen eller Raudehæren [1], eigentleg «Den raude hæren til arbeidarane og bøndene» (russisk Рабоче-крестьянская Красная армия), var namnet på den ståande hærstyrken til det tidlegare Sovjetunionen. Han blei organisert av bolsjevikane under borgarkrigen i 1918 og teken inn som nasjonal hær da Sovjetunionen blei danna i 1922. Den raude hæren skifta namn til Den sovjetiske hæren (SA) etter andre verdskrigen, men det gamle namnet heldt fram med å bli bruka uformelt av mange, både i Sovjetunionen og i andre land.

Den raude hæren sin sigersparade i Moskva i 1945.

Historie endre

 
Parade i Kharkiv i 1920.

I den første tida var Den raude hæren ei frivillig samling soldatar utan militære grader eller symbol. Offiserar blei valde demokratisk. Alt dette endra seg frå 29. mai 1918, då eit offisielt dekret gjorde militærteneste obligatorisk for menn mellom 18 og 40 år. Krigskommissariat som skulle styra den store innkallinga blei oppretta i alle regionane. Desse eksisterte nesten like lenge som sjølve Sovjetunionen.

 
Den raude hæren går inn i Polen i 1939.

Andre verdskrigen endre

Tyskland gjekk til åtak på Sovjetunionen i juni 1941 hadde Den raude hæren rundt 1,5 millionar medlemmer, men var likevel dårleg førebudd på krigen. Soldatane hadde lite av både erfaring og trening, ettersom Stalin ikkje hadde ønska å provosera Hitler gjennom krigsførebuingar. I dei første vekene blei nesten heile det sovjetiske luftvåpenet øydelagt, og hundretusesenvis av sovjetiske soldatar kom i klemme mellom tyske styrkar. I løpet av krigen mista Den raude hæren fleire menn enn nokon annan nasjonal hær.

Ved slutten av 1941 var det 2 millionar soldatar med i Den raude hæren. I løpet av krigen døydde minst 7 millionar, kanskje så mange som 10. Soldatar som blei tekne til fange av nazistane blei gjerne skotne der og då eller sende til konsentrasjonsleirar som del av Holocaust.

6,5 % av dei som overlevde dette blei etter krigen sende til NKVD sine arbeidsleirar (Gulag) fordi dei ikkje hadde kjempa hardt nok. Dette gjaldt særleg offiserar, sjeldan vanlege soldatar.[2]

Ei rekkje flinke kommandantar hadde lært av nederlaga, og etter kvart snudde krigslukka for hæren. Krigen blei kalla Den store fedrelandskrigen, og ein tok i bruk nasjonalistisk propaganda og den gamle tradisjonen med å lata prestar signa soldatane før slag i staden for å berre fokusera på det kommunistiske. I løpet av 1945 tok Den raude hæren store delar av Tyskland, inkludert hovudstaden Berlin.

Etter krigen endre

I tida etter at den andre verdskrigen slutta, sokk talet soldatar frå rundt 13 til rundt 5 millionar. Dei sovjetiske lovane sa at kvar mann som var i stand til det skulle avtena ei verneplikt på to år. På grunn av dette hadde hæren under heile den kalde krigen mellom 3 og 5 millionar soldatar, den største ståande hæren i verda.

I etterkrigstida blei Den raude hæren mellom anna brukt til å sikra kommunistisk og sovjettru styre i Aust-Europa. Den største delen haldt til i Aust-Tyskland. Ved nokre høve blei hæren brukt til å slå ned antisovjetiske opprør i Aust-Tyskland, Ungarn og Tsjekkoslovakia i 1950- og 1960-åra. Elles deltok Den raude hæren lite i aktiv krigføring. Konfliktane i den kalde krigen gjekk mest ut på å avskrekka kvarandre med atomvåpen, spionera på kvarandre med ubåtar og hjelpa vennlegsinna grupper til makta i andre land.

Den sovjetiske krigen i Afghanistan endre

 
Sovjetiske soldatar i Afghanistan.

I 1979 gjekk Den raude hæren likevel inn i direkte konflikt i Afghanistan, til støtte for den sekulære regjeringa mot muslimske fundamentalistar som på si side hadde støtte frå USA. Sjølv om dei sovjetiske styrkane hadde eit stort teknologisk overtak, fekk dei aldri full kontroll over landet, og styrkane trekte seg ut i 1989.

Den langtrekte krigen, saman med kostnadene det å halda ein ståande hær på 5 millionar, tok mange ressursar, og var med på å køyre ned den sovjetiske økonomien som til slutt førte til at Sovjetunionen fall.

Avvikling endre

Frå 1985 til 1990 reduserte den nye sovjetleiaren Gorbatsjov sakte storleiken på Den raude hæren. I 1989 forlet han både Afghanistan og dei fleste Warszawapaktlanda. I 1990 erklærte først Litauen og deretter ei rekkje andre perifere sovjetstatar sjølvstende. Unionen var i ei krise, og Gorbatsjov blei kritisert for ikkje å bruka hæren til å halda han samla.

I august deltok fleire høgtståande offiserar i hæren i eit mislukka kuppforsøk mot reformregjeringa til Gorbatsjov. Stridsvogner blei sende gjennom Moskvagatene, men stoppa og nekta å skyta på landmenn då folk strøymde ut i protest mot kuppet.

Etter at Sovjetunionen braut saman blei Den raude hæren oppløyst og eigedelane delt mellom tidlegare medlemsland. Mesteparten av hæren, inkludert dei fleste atomrakettane hans, blei del av den nye russiske hæren. Militære styrkar i Aust-Europa, inkludert landa i Baltikum, drog heim mellom 1991 og 1994.

Kjelder endre

  1. G.K. (22. november 2007). «Revolusjonens bilete». Klassekampen. 
  2. O.J. Abraham: Forelebig udö!, Kapabel forlag, Bergen 2007, side 192.