Lubny (ukrainsk Лубни) er ein by i Poltava oblast (provins) sentralt i Ukraina. Han er det administrative senteret i Lubensky rajon (distrikt), medan sjølve byen er eit eige rajon i oblastet. Byen har kring 55 000 innbyggjarar.

Lubny
Лубни
by
Lubny togstasjon
våpen
Land  Ukraina
Oblast Poltava oblast
Rajon Lubensky rajon
Høgd 158 moh.
Koordinatar 50°01′N 33°00′E / 50.017°N 33.000°E / 50.017; 33.000
Areal 29,93 km²
Folketal 52 600
Folketettleik 1 757 / km²
Grunnlagd 988/1107
Postnummer 37500
Retningsnummer +380 5361
Kart
Lubny
50°01′07″N 32°59′13″E / 50.018564129341°N 32.986860348473°E / 50.018564129341; 32.986860348473
Wikimedia Commons: Lubny

Historie endre

Lubny er ein av dei eldste byane i Ukraina og vart visstnok grunnlagd i 988 av knjazen (prins) Vladimir den store (Volodymyr) av Kiev. Byen vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1107. Staden var først ei lita trefestning ved Sulaelva. Festninga voks raskt på 1400- og 1500-talet og var eigd av den mektige Wisniowiecki-familien. På 1600-talet var han ein av dei største byane i området. Etter at jernbanen kom til byen i 1901 voks han raskt. Under den tyske okkupasjonen under andre verdskrigen var Lubny senteret for ei stor motstandsrørsle. 16. oktober 1941 vart over tusen av jødane i byen, inkludert kvinner og barn, massakrerte av tyskarane i utkanten av byen.[1]

Kjelder endre

  1. USA Holocaust Museum, Einsatzgruppen (Mobile Killing Units) Arkivert 2009-05-07 ved Wayback Machine.