For Ibsen-skodespelet med same namn, sjå dramaet Catilina.

Lucius Sergius Catilina (ca. 108 f.Kr.–62 f.Kr.) var ein romersk politikar og adelsmann, kjend som hovudmann for ei samansverjing i Roma. Ungdomstida hans var prega av lauslivnad, og under proskripsjonane til Sulla i 82 f.Kr. sytte han for å gjere seg sjølv rikare. I 68 var han pretor og styrte deretter den romerske provinsen Afrika. Da han kom attende frå Roma vart han skulda for å økonomisk utarming av provinsen, og difor var det ikkje mogleg for han å søkje konsulatet. Han stifta dinest ei samansverjing med sikte på å rive til seg konsulatet for 65, men planen vart aldri gjennomført. Då han vart frikjend for klagemålet, stifta han snart ei ny samansverjing. Catilina gav dei medsamansvorne løfter om gjeldsfridom og moglegheiter for økonomisk utbytting, og mange forgjelda menn frå overklassen attåt fleire av Sulla-veteranane tok del i samansverjinga, som visstnok innebar å gjere han sjølv til eineherre.

Detalj frå freske av Cesare Maccari der Catilina er avbileta.

Jamvel om Catilina arbeidde hardt for å bli vald til konsul, skjedde det korkje i 63 eller 62. Cicero, som var ein av dei to konsulane i 63, hadde god kjennskap til samansverjinga hans, og gjekk til eit så kvast åtak på Catilina i Det romerske senatet (Den første katilinariske tale) at sistnemnde reiste frå Roma og til hæren sin i Etruria. I Roma vart fleire av felagane hans fengsla og avretta (Mellom dei Lentulus). Catilina fall sjølv på slagmarka i 62.

I nyare tid har fleire freista å framstelle Catilina som ein mann som let seg styre av idelle motiv. Mellom desse kan ein nemne Henrik Ibsen i dramaet Catilina (1850). Uttrykket «catilinariske eksistensar» har sitt opphav i Catilinas livssoge. Det vart først nytta av Otto von Bismarck og er ei nemning på opprørske personar (som vågar alt fordi dei ikkje har noko å tape). Uttrykket blir også nytta om individ som blir rekna for å ha ein låg moral.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  • Catilina, Lucius Sergius (1978). I Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon. 2 : Ben-Ch (s. 660). Oslo: Kunnskapsforlaget.

Fotnotar endre

  1. «catilinariske eksistenser». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 22. juli 2019. 
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.