Ludašsjøen
Ludaš eller Ludošsjøen (serbisk Ludaško/Ludoško jezero, ungarsk Ludas) er ein grunn innsjø i provinsen Vojvodina nord i Serbia, nær Subotica. Han er ein del av eit naturreservat og sidan 1977 vore ein Ramsarstad. Namnet kjem frå det ungarske ludas, som tyder 'gås'.
Ludašsjøen | |||
innsjø | |||
Satellittbilete
| |||
Land | Serbia | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | eolisk | ||
Tilsig | Kireš og Čurgo | ||
Utløp | Kereš | ||
Høgd over havet | 93 moh. | ||
Lengd | 4,5 km | ||
Areal | 3,28 km² | ||
Middeldjupn | 1 m | ||
Største djupn | 2,5 m | ||
Koordinatar | 46°06′N 19°49′E / 46.10°N 19.82°E | ||
Ludašsjøen 46°06′N 19°49′E / 46.1°N 19.82°E | |||
Wikimedia Commons: Ludaš Lake |
Geografi
endreInnsjøen ligg 12 km søraust for Subotica, 10 km frå motorvegen E75, nær landsbyane Šupljak og Hajdukovo. Han er om lag 4,5 km lang, og strekkjer seg frå nord til sør. Han ligg i eit sandete terreng mellom elvane Donau og Tisza ved grensa til løssplatået Bačka. Den nordlege delen er breiare og myrlendt, medan den sørlege delen er omgjeve av 3-4 meter høge breidder av løss. Botnen av innsjøen består av kvit leire dekt av gjørme. Vatnet er grunt og middeldjupna er berre 1 meter og den største djupna 2,25 meter. Han frys til tre månader av året og om sommaren kan vasstemperaturen nå så høgt som 30 °C.
Innsjøen har eolisk opphav og botn vart danna for om lag ein million år sidan, då vind skapte sanddyner langs leirplatået. Før området vart vassregulert, var innsjøen ei myr som fekk vatn frå fleire små, naturlege kjelder. Vatnet renn ut frå innsjøen i elva Kereš, som er ei sideelv til Tisza. I dag får innsjøen òg vatn frå kanalane Palić-Ludaš og Bega.
Biologisk mangfald
endreInnsjøen og omgjevnadane inneheld mangfaldige habitat (akvatisk, myrlendt, enger og stepper) med mange plante- og dyreartar. Det finst mykje av ein spesiell orkidé (Anacamptis laxiflora) på engene rundt innsjøen. Fleire andre sjeldne planter finst her òg som astragel (Astragalus exscapus), kubjøller (Pulsatilla pratensis), salvie (Salvia austriaca) og gravmyrt (Vinca herbacea).
Det er registrert 214 forskjellige fugleartar her, 140 av dei er verna. Dei fleste artane er trekkfuglar. Det rike fuglelivet er ei av hovudårsakene til at området er verna. Skjeggmeis er den sjeldnaste av fuglane her, medan kvithovudand, kvitaugeand og tamarisksongar er nokre av fuglane som står på raudelista.
Av dyreliv på land finn ein om lag 20 artar, mellom anna oter som er nær utrydda i området.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ludaš Lake» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- «25th Ramsar anniversary for Ludas in Serbia». Ramsarkonvensjonen. 1. mars 2002. Henta 18. mars 2009.
- «Ludas Lake». Visit Vojvodina. Arkivert frå originalen 28. september 2007. Henta 18. mars 2009.
- «Ludasko jezero (Ludas lake)». Institute for Nature Protection of Serbia. 1. mars 2000. Arkivert frå originalen 17. mai 2008. Henta 18. mars 2009.
- «Special Nature Reserve «Ludas»». Etnolife Association. Arkivert frå originalen 13. juli 2007. Henta 18. mars 2009.