Luddittar

(Omdirigert frå Ludditt)

Luddittar er nemninga som blir nytta for medlemane av ei gruppe engelske handverkarar som freista å øydeleggje tekstilmaskinene som var i ferd med å erstatte dei på 1800-talet.

«The Leader of the Luddittes» ('Leiaren åt luddittane'). Gravering frå 1812

I ettertid har ordet «ludditt» blitt ståande som ei nemning på enkeltpersonar eller grupper som gjer motstand mot teknologiske endringar.

Soge endre

Gruppa hadde sitt utspring i området kring Nottingham rundt år 1811, og i løpet av det neste året spreidde rørsla seg til Yorkshire, Lancashire, Derbyshire og Leicestershire.

Luddittane var gjerne maskerte, og opererte ofte i løynd av natta. Leiaren deira var kjend som «King Ludd» («Kong Ludd»), namngjeven etter ein person ved namn Ned Ludd, som sannsynlegvis er av mytisk opphav. Dei unngjekk å ty til vald, og hadde i fleire tilfelle lokal støtte i folkesetnaden. I 1812 vart ei gruppe luddittar avretta ved skyting på ordre av ein arbeidsgjevar som tykte seg truga, og ein masserettsak i York året etter kulminerte i mange hengingar og transportasjonar. Fleire opptøyar følgde i 1816 i kjølvatnet av den økonomiske nedgangstida i åra etter napoleonskrigane, men rørsla vart snøgt slått ned av hard politisk undertrykking og ny økonomisk oppgangstid.

Kjelder endre