Ludolf Krohn
Ludolf Krohn[a] (fødd 24. oktober 1741 i Bergen, død 27. februar 1795 i Luster) var ein norsk prest. Han var sokneprest i Norddal 1772-1784 og sokneprest i Dale i Luster 1785-1795.
Ludolf Krohn | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. oktober 1741 Bergen |
Død |
27. februar 1795 (53 år) |
Yrke | prest |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Liv og virke
endreForeldra var møbelsnikkareb Johan Jürgen Krohn (eller Cron, død 1743)[1] som innvandra til Bergen frå Altona ved Hamburg[2] og Alhed With. Krohn tok teologisk eksamen i Bergen i 1761. Han var residerande kapellan i Innvik prestegjeld i Nordfjord 1764-1772 (før 1842 omfatta Innvik prestegjeld også Stryn, Loen og Olden). Han var sokneprest først i Norddal 1772-1784, deretter var han sokneprest i Dale i Luster 1785-1795.[3] Han var gift med Mette Christine Reutser (1739-1766) og deretter med Maren (Mein) Cathrine Høgh (Høeg) (1749-1827). Onkelen til Mein Cathrine Høgh var handelsmannen Hans Henrik Holtermann,[4] som kjøpte delar av Giskegodset og seinare òg fekk hand om Austrått.
Ludolf Krohn var far til offiseren Johan Jørgen Krohn og klokkaren i Norddal Ivar H. Krohn (1770-1839).[5] Klokkaren Ivar H. Krohn var far til boktrykkaren og avisgründeren Johan Jørgen Krohn. Med Ludolf kom familienamnet Krohn til Sunnmøre.
I Krohn si tid vart den nye kyrkja i på Dale bygd - han la ned grunnsteinen for kyrkja 1782 og skreiv då i kallsboka: «Mandag d. 6.mai 1782 blev Grundstenen for Nordalens Kirke for paany at opbygges af Tømmer - hvortil Zions Gud av Naade give Lykke lagt af mig og hold en Tale over Gen. 28. Kap. 22 Vers (1.Mos. 22,28».[6] Krohn fekk hand om mesteparten av Dalsbygda («Indre Dale med Kiilstistøl») på ein auksjon i 1777. Han gav 631 riksdalar for jorda med alle «paastaaende Jord Brugene tilhørende Huser samt al anden tilliggende Herligheder».[7] På Ivergarden i Dalsbygda er det reist ein minnestein over presten Ludolf.[8] I 1773 Krohn vart tidleg medlem av Syndmøre practiske Landhuusholdningsselskab (det første «landhusholdningsselskap» i landet) med sorenskrivar Melchior Falch og presten Hans Strøm i spissen.[9][10]
«Biskop Arentz anså ham for en meget heldig Katheket» skriv Lampe.[3]
Merknadar
endre- ↑ eller Ludolph
Referansar
endre- ↑ Digitalarkivet. Døde i Bergen 1668-1815. http://digitalarkivet.no
- ↑ Johan Jürgen fekk borgarbrev i 1726. Digitalarkivet: Borgerskap i Bergen 1600-1751. http://digitalarkivet.no
- ↑ 3,0 3,1 Lampe, Johan Fredrik (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen: Biografiske Efterretninger. Kristiania: Cammermeyers Boghandel.
- ↑ Dale, Bjørn Jonson (1996): Ørstingar - ættebok for Ørsta. Del 1 1600-1900.
- ↑ Tafjord, Leonhard og Terje Linge (1997): Ættebok for Norddal. 2. utgåve. Valldal: Norddal kommune.
- ↑ Grunn og gror. Kultursoge, band IV (redigert av Ivar Kleiva). Norddal bygdebøker, 1976, s.22
- ↑ Tafjord, Leonhard (1955): Norddal bygdebok. Hus og heim, gard og grend. Valldal: Norddal kommune, s.333.
- ↑ http://loype.kulturminneaaret2009.no/kulturminneloyper/norddal-den-gamle-bygda/ivergarden-det-eldste-huset
- ↑ Døssland, Atle (27. januar 2023). «Melchior Falch». Norsk biografisk leksikon (på norsk).
- ↑ Solli, Gunnar (1931): Møre Landbruksselskap 1831-1931. Utgjeve av selskapet. Molde.