Syndmøre practiske Landhuusholdningsselskab
Syndmøre practiske Landhuusholdningsselskab var ei patriotisk foreining med formål å utvikle næringslivet og landbruket på Sunnmøre.[1] Selskapet vart skipa 2. november 1773 hjå Melchior Falch i Borgund (dagens Ålesund kommune). Falch sjølv og presten Hans Strøm stod bak initiativet. Med på skipinga var også andre embetsmenn og leiande folk på Sunnmøre. Selskapet som var inspirert av Det kongelige Danske Landhuusholdningsselskab, dreiv mellom anna med premiering av bønder for nyttige tiltak og skulle elles drive opplysningsverksemd om forbetring av landbruket og andre næringsvegar i distriktet. Selskapet var eit av dei eldste i sitt slag i Noreg og vart føredøme for tilsvarande foreiningar andre stader i landet.[2] Selskapet delte til dømes i 1778 ut premiar på 10 riksdalar for bygging av «fæhuser av sten», 8 riksdalar for «opbrutt akerland», 6 riksdalar for «skutt 6 voksne ulver» og 5 riksdalar for potetdyrking. Verksemda i selskapet tok slutt i 1816, men det er uklart kvifor. Truleg gjekk selskapet inn i Det Kgl. Selskap for Norges Vel. Norges Vel vart skipa i 1809 med eigen distriktskommisjon for Sunnmøre og i denne distriktskommisjonen var same personane (prost Baade, sorenskrivar Kildal og futen Landmark) som i leiinga for Landhuusholdningsselskapet.[3][4]
Claus Frimanns dikt om skipinga av Norges Vel omtalar Syndmøre practiske Landhuusholdningsselskab:
På Ganger-Rolfs tangklædte Vingeleie, |
Medlemmar
endreTil stades på skipingsmøtet:[3]
- prost Peder Nerem
- løytnant Schieldrop
- presten Christian Meldal
- presten Johannes Brun (halvbror av Johan Nordahl Brun)
- P.F. Astrup i Spjelkavik
- tollbetjent Jens Lindorph
- handelsmann Arnoldus Heide
- handelsmann Andreas Luth
- handelsmann Nils Hagerup
- handelsmann Johannes Boldt
- handelsmann Jochum C. Rode
- handelsmann Ole Honningdal
Andre kjende personar som slutta seg til:[4]
- Sivert Aarflot, redaktør m.m.
- Ole Alsing, fut på Sunnmøre
- Nicolai Astrup (1748-1802), prest
- Johan Christopher Haar Daae, prest
- Claus Frimann, prest
- Christian F. Hagerup, prost, son av biskop Eiler Hagerup d.e.[5]
- Ole Sevrin Kildal, sorenskrivar
- Joachim de Knagenhielm, amtmann
- Ludolf Krohn, prest
- Andreas Landmark, fut
- Nils L. Landmark, sorenskrivar, politikar
- Ludvig Pontoppidan, prest, son av Erik Pontoppidan
- Peter Frederik Suhm, historikar
- Laurits Weidemann, embetsmann
- Carl Rønneberg, forretningsmann («Ålesunds grunnleggjar»)
Æresmedlemmer:
- Peter Daniel Baade, prost
- Johan Lausen Bull, embetsmann[6]
- Ole Christian Bull, fut, diktar[7]
- Hilmar Meincke Krohg, amtmann, Eidsvollsmann
- Christian Ditlev Frederik Reventlow, greve, statsminister
- Ole Hannibal Sommerfelt, amtmann
Kjelder
endre- ↑ http://nbl.snl.no/Melchior_Falch/utdypning
- ↑ Lunden, Kåre (2002): Norges landbrukshistorie. II 1350-1814. Oslo: Samlaget
- ↑ 3,0 3,1 Daae, Aa.: “Søndmørs Praktiske Landhusholdningsselskap. Tidsskrift for Sunnmør historiske lag, 1914, s. 5–54
- ↑ 4,0 4,1 Amdam, Rolv (red): Syndmøre practiske Landhuusholdningsselskab. Utgjeve av Møre og Romsdal Landbruksselskap, 1973.
- ↑ http://nbl.snl.no/Christian_Frederik_Hagerup/utdypning
- ↑ http://snl.no/Johan_Lausen_Bull
- ↑ http://snl.no/Ole_Christian_Bull